Ved utløpet av Longavatnet i Tislavollsmarkjo har det i årevis budd fossekall, den norske nasjonalfuglen. Foto: Kjetil Rydland. 

Nyttårsbad for nasjonalfuglen

Laurdag føremiddag nytta fossekallen i Longavatnet godvêret til eit forfriskande nyttårsbad i det kjølege vatnet. 

 

Ved utløpet av Longavatnet, finn me lukene, som i si tid var lukka og sørgde for at vatnet blei demt opp eit par meter. Bak den kraftige kistemuren som truleg blei bygd på 1740-talet, danna i si tid Longavatnet eit svært vassreservoar som blei brukt til å driva Tislavollssago. Den ligg nede ved Dåfjorden, og var i drift til ein gong på 1880-talet. 

 

I dag får hjorten og fuglane ha dette usjenerte området i fred. Fossekallen hekkar i området og er jamt og trutt å sjå i bekken som renn ut frå Longavatnet. I går tok han seg eit godt nyttårsbad utan å bli altfor mykje forstyrra av den store kameralinsa. 

 

Bortsett frå ferske hjortefar, såg me ingen teikn til at nokon uroa nasjonalfuglen inne i den trolsk stille skogen. Fossekallen blei kåra til den norske nasjonalfuglen i 1963 etter ei lyttaravrøysting i NRK. Om du ikkje har høyrt han syngja, kan du høyra songen hans på nettstaden fuglelyder.net.

 


Bekken ut frå Longavatnet freistar fossekallen til å ta eit nyttårsbad. Foto: Kjetil Rydland.  


No har han bestemt seg for eit bad. Foto: Kjetil Rydland.  


Og her ber det uti. Foto: Kjetil Rydland. 


Isen skremmer ikkje den badelystne fossekallen. Foto: Kjetil Rydland. 


Ein symjetur i det friske vatnet gjer godt. Foto: Kjetil Rydland.  


Fossekallen lettar. Foto: Kjetil Rydland. 


Og fyk opp på ein stein. Foto: Kjetil Rydland.  

 


Og her sit den nybada nasjonalfuglen. Foto: Kjetil Rydland.