Ein kvit ildtopp med kvitt stasj har vore ein svært populær oppsats i desse dagar. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Går på kvitt og sølv

Oppsatsar med kvitt, glitter og sølvpynt har vore favoritten det som har blitt selt hos Galleri Flora i samband med nyttår.

– Eigentleg har det gått på alt mogeleg, men mest har det gått på det som er kvitt, gjerne krydra med glitter og sølv, seier Lise Grimen hos Galleri Flora til fitjarposten.no.

Om blomesalet i år i høve til i fjor ser ho ikkje dei store endringane. – Trur det er mykje det same, smiler ho, til slutt.

Hos Galleri Flora i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt