Nils Inge Rimbereid t.v. og Theodor Larsen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Testvinnarane mest populære

Det er testvinnarane som sel best under fyrverkerisalet hos Larsen Multihandel.

Det seier Theodor Larsen i butikken. Supertilbodet på «Magic Mix» berre  fauk ut, og fleire andre favorittar er og utselt.

Men det er likevel nok av spennande ting igjen for dei som enno ikkje har fått skaffa seg sorten – og Larsen Multihandel har ope til klokka 18.00 i kveld.

Ein av dei som skaffa seg litt å smella med i morgon var Nils Inge Rimbereid. – Eg har ikkje kjøpt så mykje, men litt må eg ha til å fyra opp heimante, smiler han.

– Dette er fast tradisjon, legg han til.

Det vert og selt fyrverkeri utanfor REMA 1000 Fitjar.