Vindmøller i måneskin torsdag ettermiddag. Kven har sagt at dei ikkje er fine? Foto: Kjetil Rydland. 

Romjulsdraum!

 Etter mykje regn og rusk i jula klårna det opp i dag, og fitjarbuen fekk ein draumedag med kaldt, pent vêr. 

 

Gårsdagens regn og sludd blei – «mot normalt» – til ein nydeleg vinterdag. Og fitjarbuane var ikkje tunge å be, men drog til fjells for å nyta denne romjulsdraumen av ein vinterdag. 

 

Med litt godvilje var det råd å gå på ski ved Midtvatnet og inn i vindmølleparken Men føret i dag høvde best for fotgjengarar. Berre nokre ungar hadde teke med seg ski, og dei kosa seg utanfor den nye Gapahuken ved Kidnavatnet. Medan dei vaksne fyrte opp bålpanna og serverte varm drikke.

 

Me legg ved nokre stemningsbilete frå den uvanleg fine dagen på fjellet. 

 


Midtvatnet torsdag ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Utløpet av Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Utsikt over Olstjødno og Selbjørnsfjorden mot Austevoll. Foto: Kjetil Rydland.

 


Olstjødno. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Mølle 1 sett frå Midtvatnet. Foto: Kjetil Rydland.  

 


Fullt av bilar på parkeringsplassen ved Olstjødno heilt til solnedgang. Foto: Kjetil Rydland.