Arild Fitjar Waage klarer kravet i lengde med tilløp, for nøyaktig eitt år sidan. Arkivfoto: Fitjarposten / Kjetil Rydland.

Har du teke idrettsmerket?

Romjula er høgsesong for idrettsmerke, og me minner om at det ikkje er for seint enno å ta merket for i år.

 

Øyvind Skålevik minner om at tida begynner å renna ut. Han fortel at så langt i 2017 Fitjar idrettslag registrert ferdig 33 personar.

 

Tradisjonen tru vil funksjonærar stå klare på nyårsaftan og hjelpa dei siste etternølarane gjennom krava til idrettsmerket. 

– Klokka 12 på nyarsaftan kan de testa korleis julematen har påverka formen! seier han til Fitjarposten. Det er årets aller siste sjanse til å ta idrettsmerket på Fitjar, seier han, og presiserer at det er klokka tolv om dagen – og ikkje om kvelden …

 

Til liks med dei andre eldsjelene i Fitjar Idrettslag ønskjer Øyvind Skålevik så mange som mogleg gjennom krava, og tar gjerne imot resultat som enno ikkje er registrerte, men som kan godkjennast. 

 

Krava til idrettsmerket finn du på sidene til Norges Idrettsforbund.