Mats Brakedal i fint driv mot Fitjarpotetene i Rackethallen. Foto: Kjetil Rydland. 

Moderat suksess for Fitjar i romjulscupen på Stord

Under Bakeriet Frugård Romjulscup 2017 såg me ingen reine Fitjar-lag, men Fitjarpotetene var til stades, og andre enkeltspelarar frå Fitjar på ulike lag.

 

Det blei blanda sportsleg suksess for fitjarbuane under årets romjulscup på Vikhaugane. I bedriftsklassen stilte både Fitjarpotetene og Bikka 100 med mange gode Fitjar-spelarar. Begge laga gjekk vidare etter innleiingspuljen. Fitjarpotetene vann puljen etter to sigrar, og uavgjort 1-1 mot gamle kjenningar frå Fitjar på laget Bikka 100

 


Henrik R. Kjelling reddar for Fitjarpotetene. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Men i kvartfinalen var det brått slutt for begge dei to «Fitjar-laga». Fitjarpotetene, med Tormod Tørnquist og Henrik R. Kjelling på laget, rauk ut med 2-3 for Rein glede. Og betre gjekk det ikkje med Lars Fitjar Waage, Jonas Yang Tislevoll og Mats Brakedal. Bikka 100 rauk ut i sin kvartfinale, med 2-3 for Leif Erik Starteam


Tormod Tørnquist, trufast spelar for Fitjarpotetene. Foto: Kjetil Rydland.

 


Andreas Torland blir utvist og må gå av banen, men vil ikkje. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Elles la me merke til Leander W. Reigstad på eit ungt sterkt lag frå Stord, The Ballers, i klassen for aktive. Leander og dei lettbeinte lagkameratane hans kom seg til åttedelsfinalen, men her blei det bråstopp. Mosters stolthet blei for sterke og gjekk vidare med 2-1.


Leander W. Reigstad i aksjon for The Ballers. Foto: Kjetil Rydland. 

 

I klassen for aktive stilte Fitjar-keeper Jacob Mehammer, saman med blant andre Thomas S. Koløen og Adrian Mehammer på laget Øystein og Co. Dei tok seg greitt vidare frå puljespelet, og vann åttedelsfinalen over Frøken Norge. Men etter 0-3 for Team Muppet i kvartfinalen var også dei ute av årets romjulscup på Stord. 

 

 
Jacob Mehammer, Thomas S. Koløen og Adrian Mehammer samlar krefter mellom slaga. Foto: Kjetil Rydland.  

 

Resultat frå alle kampane finn du på linken til Bakeriet Frugård Romjulscup 2017