Stord kommune sin Big Bedford er komen til Rydland for å berga den havarerte bussen. Foto: Nils N. Rydland. 

Bussbildet frå Rydland

Kva lastebil er det som er med på bildet? Ein artikkel for dei som er ekstra bilinteresserte.

 

Fitjarposten synte litlejulafta eit dramatisk bilde frå Rydland, med ein buss som hadde køyrt i grøfta. Karl Gloppen var passasjer, og hans levande skildring av turen kan me lesa i saka.

Bildet kjem frå samlinga til Ole Vidar Helland, og det er brukt i jubileumsboka til kommunen, også. Bussen er heilt ordinær, nokså sikkert med karosseri frå Repstad Karosserifabrikk i Søgne. Dei var hovudleverandør til HSD i mange år.

Men kva lastebil er det som står klar til å dra bussen opp av grøfta? Underteikna, som var sju år i 1955, visste godt om alle lastebilane i Fitjar på den tida, men denne bilen var ukjent. I tillegg: Kva merke er det? Det var nødvendig å ta kontakt med lastebilfolk i Fitjar og på Stord for å få hjelp, og det løyste seg.

Me ser sjåføren, Ola Litlabø frå Stord, i styrehuset på lastebilen. Ola hugsa godt denne hendinga. Peder Lorentzen var sjåfør på bussen, og det var eit forferdeleg snøfokk og nesten ikkje sikt då bussen hamna i grøfta. Bussen stod godt fast, og brøytebilen i Fitjar var altfor lett til å kunna dra den opp att.

Disponent Arnold Markhus på HSD-bilane på Stord ringde difor til Stord kommune. Dei hadde nettopp kjøpt ny lastebil, ein Bedford S Type, også kalla Big Bedford, produsert frå 1950 til 1959. Det var den største og tyngste lastebilen på øya då. Markhus fekk ja frå kommunen, men på eitt vilkår: Ola Litlabø skulle køyra lastebilen. Ola jobba på verkstaden til HSD, men han køyrde ein del buss også. No hadde han nettopp fått melding frå Stord kommune om at han var tilsett som sjåfør på den nye lastebilen.

Ola fekk med seg Jens Rørvik, lasta opp lastebilen med singel og køyrde nordover. Der rigga dei seg til med taljar som dei festa i fleire bilar, med den store kommunebilen i enden på lina som trekkraft. Søtveiten, Ole J. Tufteland på Tveita, var der også. Han hadde mykje av brøytinga i Fitjar på den tida. Operasjonen lukkast, og dei fekk bussen opp att på vegen.

Sauda kommune hadde ein tilsvarande lastebil. Stord kommune og Ola hadde sin i sju år, og Ola fortalde at høyrsla hans vart prega av den bilen for alltid. Dieselmotoren på 110 hk var rett under førarhuset, med berre eit blekklok imellom. Motorduren gjorde eit varig inntrykk på høyrsla til sjåføren.​

Bilete og fleire opplysningar om denne biltypen finn du blant anna på Wikipedia

Tilbake til bildet frå 1955: Me er sikre på tre personar: Personen heilt til venstre kan vera bussjåføren. Nummer to, tre og fire frå venstre er Rasmus Liarbø, Nilsa-Nils`en og Einar Rydland. ​