Mange nytta høvet til ein tur på kyrkjegarden for å tenna lys på gravene, ein fin skikk. Foto: Kjetil Rydland.

Fylte kyrkja to gonger

Fitjarbuen fylte kyrkja to gonger på julaftan, og heile 650 kyrkjegjengarar fekk med seg julegudstenestene i Fitjar kyrkje.

 

Julestemninga utandørs glimra med sitt fråvær på julaftan i år, men til gjengjeld var det ingen ting å seia på stemninga i kyrkja under gudstenestene. Til saman 650 fitjarbuar og julegjester tok del i årets julegudstenester, fordelt på 350 på den første og 300 på den andre. 


Tre år gamle Johanne Aadland Dalane på armen til tante Helga Aadland, som var kyrkjevert. Foto: Kjetil Rydland.

 

Og folk fekk det dei kom for også i år. Fitjar skulekorps sette ein ekstra spiss på den første runden, med feiande flott julemusikk. Fleire vakre musikalske innslag fekk med ved to andre ungdommar. Silje Rydland song «Høyt under himmelens stjerner», til akkompagnement på piano av Harald Rydland. Og Ingrid Overweg frå Stord spela «En krybbe var vuggen» på tverrfløyte til orgelmusikken av faren, kantor Jan Overweg. Vakkert!

 

Tekstlesar på den første gudstenesta var Sigrid Fangel, medan den gamle travaren Harald Johan Sandvik sette oss i stemning med juleevangeliet i den siste gudstenesta. 

 

Sokneprest Olav Oma helt ei flott preike over temaet «hellige rom», og drog linjene fram og tilbake frå kyrkja og stova heime til Betlehemsmarkene, der gjetarane var dei første som fekk høyra om Jesu fødsel. Ei vakker utlegning av det heilage i den mystiske julebodskapen, om frelsaren som blei fødd i ringe kår, og om gjetarane, dei lågaste på den sosiale rangstigen, som trudde! 

 

Me er rikt velsigna med musikantar i bygda vår, og alle fekk velfortent applaus. Det hadde me òg unnt soknepresten vår denne gongen. Me takkar for ei flott stund i kyrkja, ein solid dose julestemning å ta med heim i regnvêret. 

 


Sokneprest Olav Oma talar. Foto: Kjetil Rydland.

 


Sigrid Fangel les juleevangeliet. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Fitjar skulekorps innleier den første gudstenesta. Foto: Kejtil Rydland.

 


Kyrkja held på å bli fylt opp for andre gong på julaftan. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ingrid Overweg på tverrfløyte. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Silje Rydland syng «Høyt under himmelens stjerner». Foto: Kjetil Rydland.