Rune Aarbø med ein rykande fersk julehare i regnvêret på litlajulafto. Foto: Privat.
– Ingen jul utan jakt!
Aarbø og Helland’s jaktlag går aldri inn i jula utan ein jakttur på litlajulafto, og i det ufyselege vêret i dag sikra dei seg ein fin julehare.
Dei ivrige jegerane lar ikkje vêret stoppa den gode førjulstradisjonen med å gå på jakt. I dag tidleg gjekk derfor turen til Sæterbø, og dei gjorde livet utrygt for haren i granfeltet nord for Staråsen. Den glade harejegeren Rune Aarbø fortel at det ikkje nyttar å jakta hare på fjellet i slikt vêr. – Då får me ikkje haren ut, seier han, men det er lettare i skogen.
Og det viste seg snart i den tette granskogen ovanfor Liarbø i dag. Ei stor flott hare blei det på Rune Aarbø, og dermed måtte hundeeigar Håvard Helland sjå at det var kompisen hans som var den heldige denne gongen òg. Tredjemann i vinden i dag, var Trond Henriksen, som òg måtte gå tomhendt heim til julegrytene.
Dei ivrige jegerane ser allereie fram til meir harejakt etter nyttår. Jaktsesongen for hjort er som vanleg slutt i dag, men harejakta er utvida til 28. februar. Og no har Fjellsameiga opna Fitjarfjellet for harejakt igjen. Så haren både i fjellet og i Rydlandsskogen går ein farefull vinter i møte. – Men det er mykje hare, seier ein optimistisk Rune Aarbø før han set kursen heim til Søruro og julefeiring.
Håvard Helland i sitt rette element. Foto: Trond Henriksen.
Håvard Helland og Trond Henriksen nyt stemninga ved bålet i dag. Foto: Rune Aarbø