Arve Rydland, Karine T. Lillenes, Terje Træet, Martin Hatlevik, Heine Helland og Harald Rydland skaper julestemning på låven til Lars Ove Rimmereid. Foto: Kjetil Rydland. 

God julestemning på låven

Det blei gode pengar til Frelsesarmeen si julegryte og mykje god julestemning til dei mange frammøtte på låven til Lars Ove Rimmereid i går kveld.

 

Godt over 100 stemningshungrige følgde lysløypa gjennom tunet til Helga og Rune Rimmereid på nabogarden, før dei kom fram til den spesielle julekonserten.

 


Det nye fjøset til Lars Ove Rimmereid, sett frå galleriet. Foto: Kjetil Rydland. 

Før konserten på låven nytta dei mest interesserte høvet til omvising i den nye floren til Lars Ove. Me var litt usikre om han ville rekka å bli ferdig med florsstellet før konserten skulle begynna; Lars Ove har jo rundt 30 kyr å mjølka! Men i floren stod Lars Ove i fred og ro og fortalte naboar og andre vitelystne om korleis alt fungerte. Me kom ikkje på at det meste er automatisert, og at kyrne går og lar seg mjølka av roboten når dei vil sjølve. Så stemninga var roleg, ei og anna ku gjekk innom mjølkestallen for å bli av med mjølka, og ein mokerobot skreid roleg rundt i kuskiten og gjorde det reint hos dyra. 


Mjølkeroboten leitar seg fram – og finn – spenane på kua. Foto: Kjetil Rydland. 

 

På låven til Lars Ove var stemninga litt meir tradisjonell. Der stod blide damer frå Fitjar Bygdekvinnelag og serverte peparkaker og varm gløgg. Ved avlessarvogna og høyballane på låven hadde dei nissekledde musikantane rigga seg til med scene, akkurat som i fjor. Og på låvegolvet var det sett opp benker til over hundre gjester. Etter det me kunne sjå, blei det nesten fullt, og møtelyden blei på ingen måte skuffa.

 

 
Smilande bygdekvinner serverte gløgg til våte og småfrosne gjester . Foto: Kjetil Rydland.

 

Det hadde dei heller ingen grunn til. Dei tre lokale songfuglane våre, Karine T. Lillenes, Silje Rydland og Arve Rydland, har gledd sambygdingane sine i mange år. Og denne gjennomvåte kvelden varma dei eit takksamt publikum med god støtte frå Terje Træet på slagverk, Heine B. Helland på bassgitar og sist, men ikkje mist, kapellmeister og «høykommissær» Harald Rydland på trøorgel og ymse andre tangentinstrument. 

 

På det varierte programmet hadde dei julesongar frå Noreg, Sverige og Amerika, både dei vare og alvorlege, og dei meir lette og friske. Her var noko for ein kvar smak. Og me kunne ikkje unngå å leggja merke til at Arve Rydland var i storform. Dei flotte tolkingane hans gjorde ikkje berre kvelden til ein dose sosialt samvær, men til ei strålande musikalsk oppleving. 

 

Både husvert Lars Ove Rimmereid og kona Marie, og den eldre garde i tunet, Solveig og Olav Rimmereid, hausta velfortent takk for at dei stilte låven sin til disposisjon for dette spesielle førjustreffet. Det same gjorde Frode Kolster, som hadde laga lysløype ute i den regntunge kvelden, Helga Rimmereid, som hadde sleppt dei våte og stemningssvoltne gjestene gjennom tunet sitt. Det er ein takk me meir enn gjerne stemmer i. Det var nok dei best kledde som hadde det best på låven på Rimbareid, men me noterer med stor glede at tiskipinga er i ferd med å bl ein god førjulstradisjon i Fitjar.

 

Kapellmeister og «høykommisær» Harald Rydland fortel til lokalavisa at pengane går uavkorta til å hjelpa folk som treng det. Frelsesarmeen fekk rundt 10 000 kroner, som dei kjøper mat for.

 


Husvert Lars Ove Rimmereid med dottera Oline. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Heie B. Helland på bassgitar og Harald Rydland på trekkspel. Foto: Kjetil Rydland.
  

 


Ole Haukeland, blid og nissekledd lydmann. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Sonja Fitjar Waage på konsert med Helena og Bendik Skarpnes Røyrøy. Foto: Kjetil Rydland.

 


På låven må Olav og Lars Ove rydda etter oss, me i floren er det denne mokeroboten som gjer jobben. Foto: Kjetil Rydland. 

esteroides comprar