Eit skite ryggekamera gir dårlig sikt. Bruk eige blikk og spegel om kameraet er skite. (Foto: NAF)

Vask ryggekameraet – unngå julebulken!

Ein liten dusj med vatn kan sørgja for at du unngår ein pinleg situasjon i julestresset, nemleg å rygga inn i ein annan bil på grunn av skite ryggekamera, skriv NAF i ei pressemelding.

– Vi anbefaler å rygga inn for å unngå julebulken, men då er det viktig at ryggekameraet er reint, seier Nils Sødal, kommunikasjonsrådgivar i NAF.

Eit ryggekamera gir god hjelp når du skal rygga inn på parkeringsplassen, men søle, slaps og snø dekker fort til kameraet på mange bilar, og gjer det vanskeleg å sjå hindringar.

– Stadig fleire har bil med ryggekamera, og både det og sensorar er fantastiske hjelpemiddel når ein skal rygga, meiner Sødal. – Men det er framleis viktig å bruka speglane og eige blikk så ein har oversikta, særleg når kameraet er skite, fortset han.

Hyppig vask av kameraet er viktig nå når vi kjører i saltsørpe. Vask det med ei sprayflaske med vatn eller væske som ikke frys, og tørk forsiktig med ein klut. Ikkje bruk hansken eller fingrane, då linsa kan bli sliten.

 

Du kan ikkje skulda på bilen om det går gale

Elektronikken fritar ikkje føraren frå å bruka eige blikk og gjera eigne vurderingar. Juristane i NAF Advokat påpeikar at det ikkje nyttar å skulda på bilen om ein kjører inn i noko eller nokon.

– Reint juridisk har du ansvaret sjølv, uavhengig av førarstøttesystem, sensorar og kamera. Elektronikken er meint som ei hjelp, seier Nils Sødal.

 


Ryggekamera blir fort skitne når ein kjører i saltsørpe. Foto: NAF.