Oppsitjarane kan gle seg over veglys gjennom Rimbareidfeltet. Foto: Kjetil Rydland. 

Veglyset tent og vegen klar til bruk

Vegtraseen Rimbareid–Vik er på det nærmaste klar til fri bruk, og veglyktene lyser. 

 

Til stor jubel for oppsitjarane langs vegen blei lyktene tente denne veka. – Det er litt av ei julegåve, dette! seier ei av dei til Fitjarposten. Ho gler seg til å gå trygt langs vegen utan å stupna i mørket. 

 

Ei av dei som deler gleda til oppsitjarane, er ordførar Wenche Tislevoll: – Dette må me ha lov å gle oss over! seier ho. No har me fått samanhengande veglys frå Fitjar sentrum over Rimbareid, gjennom Hungersdalen og Vik heilt fram til Tveitatræ.

 

På Tveita og opp til busskuret på Årbø er det framleis ganske mørkt, og det føreligg ikkje konkrete planar om veglys her, ifølgje ordføraren. Men ho har fått munnlege føringar om å arbeida for veglys på denne strekkja, og på vegen mellom Breivik og Årskog, seier ho til Fitjarposten. 

Denne veka blei gang- og sykkelstien asfaltert. Dermed er den ferdig, seiere byggeleiar Roberto Balzer i Statens vegvesen til Fitjarposten. Han legg til at det skal leggjast eit nytt lag med asfalt på hovudvegen. Dette vil bli gjort i slutten av februar eller byrjinga av mars. Krysset i Vik, over Vikeelvo, er ikkje heilt ferdig, men elles er det berre maling og skilting igjen, før heile anlegget er ferddig. Det vil bli gjort til våren, seier Balzer. 

I går blei stengingsskilta fjerna, og vegen er klar til vanleg bruk, seier Balzer. Han minner om at det inntil vidare vil vera 50 km fartsgrense på ven nye vegstrekkja. Byggeleiaren i Statens vegvesen nyttar høvet til å ønskja god jul med følgjande helsing: 

 
– Eg håper at folk køyrer forsiktig no i romjula! 


Med ny asfalt ligg gang- og sykkelvegen klar til bruk. Foto: Kjetil Rydland.