Sola går ned over Vekslitjødno i dag, og når ho står opp att i morgon, har ho snudd. Foto: Kjetil Rydland. 

Lysare dagar i sikte!

I ettermiddag snur sola, og frå i morgon begynner dagane å bli lengre. 

No er me i den aller mørkaste tida på året, men i dag er det vintersolkverv og dermed årets kortaste og mørkaste dag her på den nordlege halvkula. Nord for Polarsirkelen kjem ikkje sola eingong over horisonten! Men frå klokka 17.28 i dag blir dagane gradvis lengre, og me kan sjå fram til ein etterlengta vår!

Det er astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegård og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes som minner oss om dette i ei pressemelding. Saman står dei bak nettstaden astroevents, der me i dag kan lesa meir om vintersolkverv.

Den 21. desember har sola sin sørlegaste posisjon på himmelen. I Oslo kjem sola denne dagen bare 6,5 grader over horisonten, og dagen er nesten 13 timar kortare enn ved sommarsolkverv i juni. Ved Polarsirkelen står sola i horisonten, og lenger nord er det mørketid. Etter vintersolkverv kryp området med mørketid nordover, men først 15. januar kan ein igjen sjå sola frå Tromsø-området. På grunn av fjella tar det endå lengre tid i sjølve byen. Lengda på dagen aukar berre svært langsamt den første tida etter vintersolkverv. I Oslo blir dagen 9 minutt lengre og i Trondheim 12 minutt lengre fram til årsskiftet.

Eit eventuelt snødekke vil ha langt større innverknad på kor mørkt det er ute, og derfor følest ofte januar som ein lysare månad enn desember og november.

Årstidene på jorda kjem av at jordaksen heller. Hellingsvinkelen er for tida 23,5 grader og endrar seg svært langsomt over ein periode på 41 000 år. For tida rettar aksen seg opp slik at Polarsirkelen flyttar seg litt nordover frå år til år. Jorda roterer rundt sin eigen akse, og i løpet av året flyttar den skråstilte jordkloden seg ein gong rundt sola. I eit visst punkt i banen skrår den nordlege halvkula maksimalt bort frå sola. Sett frå nordlege breidder når sola då sin lågaste posisjon på himmelen gjennom året, og dette skjer klokka 17.28 i dag.

På den sørlege halvkula står sola samtidig på sitt høgaste slik at det der blir sommarsolkverv. Om eit halvt år – 21. juni – vender vår halvkule mest mogleg mot sola, og vi får sommar med lange dager der sola står høgt på himmelen.


Årstidene på jorda. Lengst til høgre: Vintersolkverv, deretter (i retning pilene) vårjamdøger, sommarsolkverv (lengst til venstre) og haustjamdøger (nærmast oss). Illustrasjon: Wikipedia.