Utvalsleiar Grete Marit Veka Maraas. Foto: Harald Johan Sandvik.
 

Ingen nye flyktningar til Fitjar neste år

I november fekk kommunen brev frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, IMDi, med melding om at Fitjar kommune ikkje vert beden om å busetja nye flyktningar i 2018. 

Årsaka er at færre søkjer asyl i Norge. Berre halvparten av kommunane som har teke imot flyktningar siste åra, vert bedne om å ta imot nye i 2018. Dei som skal ta imot, får også langt færre flyktningar enn tidlegare.

Samtidig strekar direktoratet under at kommunane har ei heilt sentral rolle når det gjeld integrering av våre nye innbyggjarar, og ser fram til å framleis ha eit godt samarbeid med Fitjar kommune.

Kommunen har bygt opp eit godt apparat for flyktningane, til saman to årsverk. No bur det 41 flyktningar i bygda, inkludert to born som er fødde her. Dei treng framleis kontaktpersonar og støtteapparat, men tilbodet må byggjast gradvis ned, til ein står igjen med ein 60% stilling hausten 2019.

På kommunestyremøtet i går kommenterte utvalsleiar i oppvekst og omsorg, Grete Marit Veka Maraas, at mottaket i Fitjar har fungert godt, og kommunen har fått skryt for jobben som er gjort. No må ein sjå på korleis vegen vidare skal vera.

Sigurd André Maraas, Frp, konstaterte at Fitjar er blitt fort liten i denne samanhengen, men at kommunen har skikka seg vel. Han er glad for at det kjem færre flyktningar. Det er resultatet av regjeringa sin politikk.

Harald Rydland, KrF, er medlem i Utval for oppvekst og omsorg, og fortalde at det dukka opp nye idear i utvalet då dei fekk brevet frå IMDi om at kommunar under 5.000 innbyggjarar ikkje fekk tildelt nye landsmenn: Me er i overkant av 3.000 menneske i bygda no. Då kan me ta imot 2.000 flyktningar, så er me oppe i det aktuelle folketalet!