Malin Stokken t.v. og Anna Fitjar Hjelle spelar «Glade jul». Foto: Harald Johan Sandvik. 

Elevar frå Kulturskulen opna kommunestyremøtet

Det er tradisjon med kunstnerisk innslag på budsjettmøtet.

 

Ved starten av kommunestyremøtet onsdag møtte det fire unge elevar frå Kulturskulen: Ingeborg Sørfonn, Hildegunn Olsen Aadland, Malin Stokken og Anna Fitjar Hjelle. Dei innleia møtet med pianomusikk, der to om gongen spela firehendig. Etterpå fekk dei kvar sin «litt større sjokoladenisse» av ordføraren, som synleg takk for den gode innsatsen. Rektor var også med. Han fekk ein ryggsekk med Fitjar-logo. Rektor takka for oppdraget, og informerte om skulen og det breie tilbodet den gir til dei unge i Fitjar. Det er rift om plassane, og piano er eit ekstra populært instrument.  

 


Hildegunn Olsen Aadland t.v. og Ingeborg Sørfonn spelar «Little Drummer Boy». Foto: Harald Johan Sandvik.