Kommunestyret under røystinga i møtet onsdag Foto: Harald Johan Sandvik.

Det vert ikkje endringar i skuleklassar i 2018

Budsjett og langtidsplan vart vedteke i kommunestyret i går.

 

På budsjettmøtet i går vart det tidleg klart at det ikkje vert samanslåing av andreklassar på Rimbareid eller flytting av sjuandeklassen frå Øvrebygda. 

I sist formannskapsmøte la Høgre og Arbeiderpartiet fram eit felles framlegg som mellom anna sikra dei to andreklassane mot samanslåing.

I kommunestyremøtet i dag presenterte dei eit omarbeidd felles framlegg som også sikra at sjuandeklassen i Øvrebygda slepp flytting til Rimbareid i 2018. Men prisen for det er at skulesektoren må dekka meirutgiftene innan eige budsjett. Kostnaden er kr. 265.000. Det var noko KrF og Sp ikkje kunne støtta. Dei la fram eige felles framlegg der den ekstra utgifta var dekka inn. Dette vedtaket fekk berre dei to partia sine fem røyster. H, Ap og Frp røysta for fellesframlegget frå H og Ap.

Hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet, Katrin Innvær Ankervold, kommenterte til Fitjarposten at dette var eit tøft nedtrekk i sektoren, og ikkje noko god melding å gi til kollegaene før jul. 

Meldinga frå alle parti var at dei vil ikkje vedta denne typen strukturendringar som einsidige innsparingstiltak i årsbudsjettsamanheng. Kommunen har ein skulebruksplan som skal rullerast i 2018, og endringar må koma som følgje av vedtak i ny plan. Rett etter nyttår skal det nemnast opp arbeidsgruppe som skal utarbeida ny plan. 

Politikarane har hatt ei tøff oppgåve i haust med å gjera endringar i administrasjonen sitt budsjettframlegg. Rammene er synleg trongare i 2018, og i økonomiplanen som går til 2021 er utviklinga særleg tydeleg.

Harald Rydland, KrF, minna om at dette slett ikkje er det verste han har vore borte i. For ein del år tilbake sat politikarane med eit opparbeidd underskot på  20 mill. som skulle dekkast inn. Det var tøft!

Rådmann Atle Tornes kalla budsjettprosessen for «haustdepresjonen». Normalt har han kunna leggja bort den når budsjettmøtet var avvikla i desember, men han er ikkje så sikker på det denne gongen. Det tristaste er at 2018-budsjettet kan resultera at 10 stillingar må ut av drifta. Overskotet som politikarane legg opp til, gjer også at det ikkje er margin til å ta nye endringar i drifta. 

Arne Prestbø, H, bar fram takk til alle tilsette, både dei me høyrer og ser, og dei me ikkje ser – for arbeidet dei gjer. Men han framheva ein person, rådmannen: Dette er siste budsjettet han legg fram. Han har gjort ein formidabel innsats desse åra! Han har stor kapasitet og han gir gode råd!