Kjell Larsen, leiar i avdelinga for bedriftsrådgjeving i Tveit Regnskap AS, kan presentera eit positivt næringsbarometer. Foto: Kjetil Rydland. 

Positiv utvikling i næringslivet

Næringsbarometeret for 2. tertial 2017 frå Tveit Regnskap AS viser positive tal for næringslivet i Nord-Rogaland og Sunnhordland.

Det er Kjell Larsen som skriv dette i ei pressemelding. Han er leiar i avdelinga for bedriftsrådgjeving i Tveit Regnskap AS. 

Tveit Næringsbarometer tar temperaturen på næringslivet i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Her presenterer dei ferske rekneskapstal for 2. tertial 2017, det vil seia perioden f.o.m. mai t.o.m. august, frå eit representativt utval av bedriftene i regionen. 

Tveit Regnskap AS fører rekneskap og bistår med økonomitenester for i alt 2.500 bedrifter i regionen. Tveit følgjer utviklinga til eit knippe av disse bedriftene for å kunna gi eit bilde på utviklingen i næringslivet i regionen vår.

– Det spesielle med dette talmaterialet er at det er ferske og faktiske tal henta fra rekneskapen per 2. tertial i år, og ikkje eit kalkulert bilde av den økonomiske utviklinga, skriv Kjell Larsen og held fram: – I denne rapporten ser vi først på utvikling i omsetnad og resultat i alle bransjer samla, deretter ser vi nærmare på dei to største bransjane i utvalet; bygge- og anleggsverksemd og varehandel.

 

Tveit Næringsbarometer for 2. tertial 2017 viser følgjande hovudtrekk:

Alle bransjar

* Andelen bedrifter i heile utvalet som har høgare omsetnad samanlikna med same periode i fjor er markant styrkt.

* Veksten i omsetnad i gjennomsnitt frå same periode i fjor er på hyggelege 7 %.

* Industribedriftene i utvalet bidrog sterkt til det høge snittet med ein vekst i omsetnad på ca. 30 %.

* Andelen bedrifter som har positive resultat har auk. Det er fleire bedrifter som har styrkt enn svekka resultata sine samanlikna med same periode i fjor.

* Driftsresultat samla som andel av inntekter samla har styrkt seg for bedriftene i utvalet.

Bygge- og anleggsverksemd

* Bransjen hadde ei sterk utvikling både på omsetnad og resultat i 2. tertial i 2016. For same periode i år er nivået på omsetnad omtrent likt, medan andelen med positive resultat har falle noko. Det er òg fleire som reduserer enn som styrkjer resultatet.

* Både på omsetnads- og resultatutvikling er situasjonen betre for dei store enn dei små i bransjen.

Varehandel

* Det fleire som aukar enn reduserer omsetnaden samanlikna med same periode i 2016, og det er ein forsiktig vekst i omsetnaden i snitt.

* Den negative trenden med reduserte resultat flatar ut, og det er i 2. tertial i år omtrent like mange som styrkjer som svekkar resultatet samanlikna med same periode i fjor. Samtidig ser vi eit fall i andelen bedrifter som driver med positive resultat.

* Driftsresultat samla som andel av inntekter samla har hatt ei fin utvikling. Det kan tyde på at det er noen, kanskje spesielt noen av dei litt større, som driv godt.

 

Fakta om Næringsbarometeret

I Sunnhordland og Nord-Rogaland er det rundt 2500 bedrifter (AS) med ein omsetnad på 2-50 mill. Dette utgjer om lag 90 prosent av alle AS i regionen. Dataa som blir presenterte i næringsbarometeret er henta frå rundt 220 bedrifter (AS) som er kundar i Tveit Regnskap AS, også med omsetnad på 2-50 millionar kroner. 

Utvalet tilsvarer ca. 9 prosent av regionsbedriftene. Dette er god representativitet samanlikna med tilsvarande andre indeksar. Bransjemessig fordeling mellom bedriftene i regionen og bransjemessig fordeling mellom bedriftene i utvalet er godt i samsvar. Utvalet har likevel noko høgare representasjon av bygge- og anleggsverksemd, og noko lågare representasjon av omsetnad og drift av fast eigedom.

Dei største bransjane i utvalet av bedrifter i næringsbarometeret er bygge- og anleggsverksemd (28 %), varehandel (22 %), industri (9 %) og faglig, vitskapleg og teknisk tenesteyting (9 %).


Oversikt over bransjar og fordeling av bransjane i næringsbarometeret. Illustrasjon: Tveit Regnskap AS.