Maria, Josef og hyrder. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fantastisk julespel i år og

I år var det 19. gongen 7.-klassane ved Rimbareid barne- og ungdomsskule framførte det etter kvart tradisjonelle  julespelet i gymsalen på Rimbareid.

Spelet heiter «En glede for hele folket» og er skrive  av Alf Georg Østebrøt, og som tidlegare år vart det og denne gongen ei høgtidsstund for frammøtte foreldre, søsken og andre slektningar og vener som fylte salen.

I det heile er dette eit nydeleg spel som rører oss år etter år og som er blitt ein fantastisk fin juletradisjon her i Fitjar.

Alle ære til både elevar og lærarar som får dette til – år etter år.

Her er og vismennene komne på plass. Foto: Håkon C. Hartvedt

Frå koret. Foto: Håkon C. Hartvedt