Dei idylliske Fitjar-øyane skal forbli uberørt, i følgje Regional kystsoneplan. Dette er Fitjar kommune sterkt usamd i. Her frå Smedholmen. Foto: Kjetil Rydland

Misnøgd med kystsoneplanen

Fitjar kommune svært misnøgd med kystsoneplanen. No vil dei vil ha regjeringa på banen.

Ordføraren og rådmannen fryktar at den vedtektne kystsoneplanen vil vere til stort hinder for utvikling av oppdrettsnæringa i Fitjar.

I haust vart Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger vedteken av Hordaland fylkeskommune, trass i til dels sterke protestar. Den omfattande planen regulerer alt frå strandsone, havbruk, sjøtransport og maritim næring i desse kystområda.

Planen har skapt mykje debatt, og Fitjar kommune er blant dei som har vesentlege innvendingar mot planen.

Vesentlege merknader
No har kommunen sendt eit brev til Kommnal- og moderninseringsdepartementet med krav om at regjeringa opphevar vedtaket.

– Fitjar kommune har vesentlege merknader til deler av planen sine mål og retningsliner, og krev at planvedtaket vert oppheva og sendt tilbake for fylkeskommunen for ny handsaming, skriv ordføraren og rådmannen i Fitjar kommune.

Det blå feltet markerer området som Regional kystsoneplan definerer som landskap med kulturhistorisk verdi, og som ikkje skal kunna nyttast til m.a. fiskeoppdrett.

Alternativt oppmodar dei til at departementet går inn for å overstyre fylkeskommunen ved å gjere endringar i planen som er vedteken.

 – Stort hinder
Ordføraren og rådmannen er særleg uroa over kva kystsoneplanen vil ha å seie for akvakultur-næringa.

– Fitjar er den kommunen i Sunnhordland som har minst areal til akvakultur i utgangspunktet. Planen slik den no ligg føre, vil vere til stort hinder for vidare utvikling av havbruk i Fitjar.

Dei meiner planen som no er vedteken vil ha store konsekvensar for framtidig oppdretts-næring i Fitjar, ved at arealet som er sett av til havbruk er sterkt avgrensa.

 – Me har vore sterkt kritisk til det resultatet, særleg når ein vart merksam på kva negative konsekvensar planen vil ha for havbruk og særleg oppdrett. Planen vil også ha konsekvensar for andre og nye former for havbruk som det etter planen ikkje vil vere areal til i kommunen.

 

Vil ha oppdrett ved Fitjarøyane
– Me aksepterer at deler av Fitjarøyane har ein særskilt landskapsverdi. Området er likevel verna etter fleire andre reglar i dag, slik at utfordringa for kommunen er å finne opningar for å utvikle området, også for ulike former for havbruk.

Kommunen har føreslått ei avgrensing av landskapsområdet i nordre del av Fitjarøyane mot Selbjørnsfjorden, slik at det blir rom for ei lokalisering av nye oppdrettsanlegg her.

Fitjar kommune peiker også på at kystsoneplanen skal vere ein regional plan som berre har retningsliner og ikkje planbestemmelsar. Fitjar meiner dette betyr at fylkeskommunen ikkje har høve til å legge føringar på arealbruken, og meiner dermed at planen bryt med kommunen sitt planmynde.

– På den eine sida vert det sagt at plankartet berre er retningsgjevande. På den andre sida vert det gjort konkrete arealdisponeringar der visse type formål og tiltak ikkje er tillate. Då er kommunen sitt sjølvstende som planmynde avgrensa på ein måte som ikkje har foranking i lova.

Fitjar viser til at fire andre kommunar i Sunnhordland (Austevoll, Tysnes, Kvinnherad og Sveio) vurderer å klage på kystsoneplanen.