Frå konserten i fjor. Foto: FP-arkiv/KR

Julekonsert på låven i år og

Også i år vert det julekonsert på låven hos Lars Ove Rimmereid.

Denne gongen er det i tillegg ope fjøs der dei som ynskjer det kan få sjå den nye mjølkeroboten til Lars Ove i drift.  Det heile går føre seg fredag 22. desember med ope fjøs frå kl. 17.00 og julekonsert på låven kl. 18.30. Inntekta frå arrangementet går som før uavkorta til Frelsesarmeen si julegryte.

Karine T. Lillenes er med for første gong i år, medan Gurid Refvik ikkje blir med denne gongen. Men elles er dei med heile gjengen: Martin Hatlevik, Arve Rydland, Silje Rydland, Heine Helland (bass), Terje Træet (trommer), Hans Kobberstad (fele) og Harald Rydland (tangent).

Som før er og Fitjar Bygdekvinnelag på plass og serverer gløgg og julekjeks.