Lågt sjukefråvær i Fitjar

Sjølv om sjukefråværet i Fitjar i 3. kvartal 2017 har stige ein del i høve til same kvartal i fjor, er det framleis mellom dei lågaste i Hordaland.

Per 3. kvartal i 2017 var det legemelde sjukefråværet i Hordaland på 5,4 prosent. Dette er ein nedgang på 0,2 prosent i høve til i fjor. Granvin har det lågaste fråværet i fylket, mens Fitjar kjem på ein delt fjerdeplass med 4,7 prosent.

Medan arbeidsløysa i Hordaland dei to seinaste åra har stige, har sjukefråværet vore svært stabilt i same periode. Assisterande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen merker seg at hans fylke stort sett følgjer landssnittet. 

– Endringane er marginale og tala er stabile. Sjukefråveret er høgast i Nordhordland og i øykommunane i vest. Muskel- og skjelett, samen med psykiske lidingar, er den største utfordringa, seier han.