KOMMUNAR KAN SØKJE STØTTE: Saga på Gåssand var den første elektriske saga i Os kommune. I fjor gav Hordaland fylkeskommune tilskot til å setje saga i stand. Foto: HFK

Tilskot til verna kulturminne

No kan du søkja tilskot til verna kulturminne, men du må søkja gjennom kommunen. – Eg hjelper gjerne alle som vil søkje og minner om at søknadsfristen er allereie på fredag 22. desember, seier kultursjef Bente Bjelland i Fitjar kommune. (Sjå annonsa til høgre på denne sida).

– Tilskotsordninga tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi. Ordninga skal støtte opp om vedtekne målsettingar, jf. «Premiss: Kultur – Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025», heiter det på nettsida til Hordaland fylkeskommune.

PÅ sida si har dei og eit OBS! som seier: «Denne ordninga er nyleg endra og var tidlegare kjent som «Tilskot til vern og vøling av verneverdige bygg», og dei oppfordrar til å ta kontakt med din eigen kommune for meir informasjon. Du kan lasta ned forslag til skjema som kan brukes til kommunen her.

Kven kan søkje? Svar: Kommunar i Hordaland.

Kva kan støttast?

Svar:

Kommunane kan berre søka tilskot til faste kulturminne i Hordaland som enten er:

•Regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova

•Prioritert i kommunal kulturminneplan

•Vurdert av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi.

Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tilskot kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan som kurs og formidling.

Kva kan ikkje støttast:

•Tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige

•Tiltak på freda kulturminne.

•Ordinær vedlikehald og drift

Føremål med ordninga

Det overordna målet er å sikra regionen sine kulturminneressursar som vitskapeleg kjeldemateriale og grunnlag for nålevande og framtidige generasjonars oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd.

Tilskotsordninga sitt føremål er å minimalisera tapet av verneverdige kulturminne, gjennom å støtte kommunar som tek ansvar for å identifisere, verdsetje og forvalte verneverdige kulturminne i tråd med nasjonale og regionale mål.

Ordning skal stimulere til auka innsats på kulturminnefeltet og styrka vern av prioriterte kulturminne av lokal og regional verdi.

Søknadsfrist for kommunane er 1. januar, men skal kultursjefen få sjanse til å få handsama søknadene ferdig. må ho ha dei innan 22. desember.