Eit flott syn på terrassen i Fitjarstølane. Foto: Håkon C. Hartvedt. 

Festkledd gjest på fuglebrettet

I haust har ein ganske stor og fargerik fugl vore flittig gjest på mange fuglebrett i bygda, nemleg kråkefuglen nøtteskrika.

 

Dei vanlegaste kråkefuglane hos oss er kråke og skjor, som ikkje har så mykje til fargeprakt å skryta av, men det har «slektningen» nøtteskrika. Dette er ikkje ein spesielt sjeldan fugl, verken her i Fitjar eller i resten av Noreg. Men den er mykje sjeldnare enn kråke og skjor. Og med den flotte fjørdrakta synest me ho fortener litt merksemd.

 


Her sit ei nøtteskrike i Ovbygdo og forsyner seg. Foto: Kjetil Rydland. 

Nøtteskrika er om lag så stor som ei skjor, men har ei mykje flottare fjørdrakt med eit vakkert, blått felt på vengjene. I Noreg er ho vanleg nord til Troms, her på Vestlandet dukkar ho opp ganske spreidd, men ikkje altfor sjeldan.

Det kan gå lang tid mellom kvar gong me får sjå denne flotte, fargerike fuglen. Men i haust har det vore nøtteskriker å sjå både her og der, blan anna i Fitjarstølane. Til stor glede for oss som synest fuglen er både eksotisk og meir fargerik enn dei fleste andre fuglane me ser til dagleg.

Men ikke alle deler vår entusiasme over denne stivpynta kråkefuglen med dei flotte fargane. Ein fugleven i Ovbygdo fortel at han har hatt meir enn nok besøk av nøtteskrier på fuglebrettet sitt i haust. Han synest dei er altfor grådige, og det går ut over småfuglane, som han matar flittig. Problemet med nøtteskrikene er at dei hamstrar mat til vinteren, og dei lar seg ikkje stoppa før han jagar dei.

Nøtteskrika er lett å kjenna på lyden, som du kan høyra på nettstaden fuglelyder.no.

Du kan lesa meir om nøtteskrika på nettstaden miljolare.no.  


Nøtteskrike i Ovbygdo. Foto: Kjetil Rydland.