Illustrasjonsfoto: Stockphoto

Gratis strøsand

Fitjar kommune melder at eldre og rørslehemma i Fitjar kan få gratis strøsand av kommunen.

– Dersom du ikkje kan henta sjølv ved Uteseksjonen i Årskog, kan du ringa Fitjar Frivilligsentral, og vi hjelper med bøtter, sand og tilkjøring!

Du må da melda deg på ei ordning for vinteren. Ring oss på dagtid man. – tors. på telefon 971 43 785, heiter det på kommunen si nettside.