No kan kulturhuset få sin eigen kino! Foto: Harald Johan Sandvik.

Søknader om investeringstilskot

Tre aktuelle saker i formannskapet på onsdag.

 

Den første saka gjeld eit ekstra tilskot på kr 100.000 til det nye orgelet i kyrkja. Sjekken på kr 100.000 vart overrekt på jubileumsfesten til kyrkja, men no skal gåva formelt finansierast. Bakgrunnen er eit valutatap på kr 300.000  i byggeperioden på orgelet på grunn av sviktande kronekurs. Total kostnad var rekna til kr 4,5 mill., kommunen sin del var 3,5 mill. Fellesrådet har samla inn 1,2 mill., planen var 1 mill. Med dei nye 100.000 frå kommunen er orgelet fullfinansiert. Tilskotet er kurant. Det kjem inn under kommunen si plikt til å finansiera driftsmiddel til kyrkja.

Neste sak er søknad frå FKIB om tilskot til ny kinomaskin, kr 450.000. Huset vil ha sin eigen kino, noko som vil gi inntekter. Norsk Bygdekino sitt tilbod er ikkje godt nok, og gir lite inntekt. Dersom FKIB kjøper eigen kinomaskin, vil dei ha kino kvar fredag og søndag, og kunna syna aktuelle filmar. Finansiering ved hjelp av kommunen vil vera mykje rimelegare enn om FKIB låner sjølv. Huset treng meir inntekter, og å gi tilskot her er betre enn at kommunen eventuelt må gå inn med ordinært driftstilskot.

 


Denne kinomaskinen blei brukt i «Fitjartun», men har nok vist sin siste film. Foto: Kjetil Rydland.

Den tredje saka kjem frå Fitjar Skyttarlag. Dei ynskjer å bygga ny miniatyrskytebane i nytt hus, og har kalkulert med vel kr 2 mill. til dette, inkludert rundt kr 300.000 til utstyr. Finansieringa er ved innsamla midlar og kr 700.000 i spelemidlar. Dei søkjer kommunen om eit tilskot på kr 200 000,-, og om forskottering av spelemidlane. Skyttarlaget har nær 200 medlemer, 60 aktive skyttarar pluss 120 jegerar. I søknaden skriv dei at dei har kring 40 ungdommar frå 7 år og oppover, som driv med miniatyrskyting. Dei trur talet vil auka godt med ny bane. Skyttarlaget har fått lite direkte støtte frå kommunen. Dei andre idrettslaga får indirekte støtte gjennom rimeleg husleige.

Tilrådinga var positiv, og tiltaka er tenkt finansiert av «laksepengar». Kommunen har nyleg fått utbetalt kr 10,7 mill., som oppgjer for ein konsesjon. Desse midlane vert sett på fond, og bruken av dei skjer etter fastsette reglar.

Politikarane støtta rådmannen si innstilling, og vedtaket var samrøystes.