Tradisjonsrik julemesse

Leiar i Fitjar Husflidslag har mykje fint å ønskje velkomen til i Fitjartun. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dei held på tradisjonane Fitjar Husflidslag. Difor vart det ingen store overraskingar å spore då me var innom julemessa i Fitjartun i går ettermiddag. Men ein del nye utstillarar var det.

Tove Tverderøy (t.h) er ein av dei nye utstillarane og har stativ og bord fullt av barnekle. T.v. Randi Tverderøy. Foto: Håkon C. Hartvedt

Julemessa I Fitjartun er ei årviss hending i slutten av november med vakkert handarbeid, nydeleg bakst, syltetøy/gele og andre spennande produkt. Slik i år og. Rundt 30 utstillarar har fått plass og det er svært mykje spennnande å sjå, både nede og oppe i bygget. Ustillarane kjem frå Fitjar, Stord, Sveio, Kvinnherad, Haugesund og Bømlo.

Det fortel leiar i husflidslaget, Petra Espevoll, som og kan fortelja at matsalet går svært bra. I tillegg til kaker og kaffi, var det graut i går. I dag vert det betasuppe å få kjøpt.

Som før er det lynutlodding i 2. etasje. Inntekta av denne går som før til hjelpearbeid i Ukraina.