Noralf Hugøy og Harald Skumsnes i arbeid med taket på notabua. Foto: Håkon C. Hartvedt

Restaurerer notabu frå 1800-talet

Noralf Hugøy og Harald Skumsnes er i desse dagar i gang med restaurering av ei notabu i Gloppevågen. Notabua er  frå 1800-talet.

– Det vil seie, ingen veit akkurat kor gamal ho er, men me veit at me i alle fall kan skriva historia tilbake til 1800-talet, fortel Harald Skumsnes. Me møter han og Noralf i ein liten kaffipause på kaien før dei igjen stig opp på stillaset ut mot sjøen.

Notabua er frå gamalt og, og framleis, felleseige for bruka på Landa og eitt i Gloppo. Det høyrde og båt med til bua, ein notabåt lagd av Wichmann i Breivik. Han lagde og fleire båtar, fortel Skumsnes.

Framleis heng det to nøter i bua. Eit sildegarn og eit makrellgarn. Begge landnøter som vitnar om fordums storslegne sildekast.

Notabua 1926, heilt til venstre i biletet.

Vart flytta
Tidlegare låg bruket lenger inne, ved sida av butikken og kaien som var der den gongen. Då Birger Hageberg bygde sin butikk der i trettiåra, vart bua flytta lenger ut, til der ho står no. Slik gav ho plass for lager til den nye butikken. Det vart og bygd bilveg ned til Gloppevågen, og parkeringsplass, den gongen.

Restaurering
Det Harald Skumsnes og Noralf Hugøy gjer er restaurering på oppdrag frå eigarane, ikkje ombygging eller nybygging.
Harald minnest at det vart skifta bordkledning på 90-talet. No plukkar dei vekk alt som er rote og brukar mest mogeleg av reisverket som framleis er brukande. Dei legg på nytt sutak, skifter bordkledninga i sør og repararer dårlege sperrar.

Restaurering på baksida og. Foto: Håkon C. Hartvedt

Sperrar og sutak. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Det er som eit musealt prosjekt. Mest mogeleg av den gamle konstruksjonen skal stå att. Når dei er ferdig skal og dei gamle pannene på plass. I samband med det kjem Harald Skumsnes med eit ønskje:

– Me ønskjer fleire panner. Er det nokon som har liggjande vil det vera svært kjærkome, seier han, og fortel at pannene dei treng fleire av har måla: 33 x 22 cm.

Kan du hjelpe med dette, kan du ringja tlf 468 39 566.