Andrine Korsvik i skotet for Fitjar mot Bergens-laget Lyngbø i går. Foto: Kjetil Rydland. 

Hektisk handballdag i Idrettshallen

I går var det handballdag i Fitjar kultur- og idrettsbygg heile dagen til ende. 

 

Handballgruppa i Fitjar Idrettslag kunne ønskja velkomen til ein tettpakka handballdag i Idrettshallen i går. I tidsrommet kl. 11–17 blei det avvikla heile ni kamper mellom lag frå Sunnhordland og Bergensomrdet. Klubbane Stord, Kvinnherad, Lyngbø og Løv-Ham stilte alle med fleire jentelag i 11-årsklassen. Fitjar stilte med eitt lag, ein gjeng med friske og treningsvillige jenter, som fekk to kampar.

 


Blide og treningsvillige fitjarjenter i 11-årsklassen. Foto: Kjetil Rydland.

 

I den første kampen køyrde dei over eit lag frå Stord, og vann heile 17–4. I den andre kampen blei det noko tøffare, mot Bergens-laget Lyngbø. Fitjar hadde lenge føringa, og laga følgde kvarandre til det var knapt to minutt igjen av første omgang. Då scora gjestene to mål utan at Fitjar greidde å kvittera, og gjekk til pause med 6-4. Denne tomålsleiinga greidde Fitjar aldri å ta igjen, og gjestene halte i land ein knapp 8-6-siger.   

 

Tapet såg ikkje ut til å gå nemneverdig ut over humøret, verken til jentene eller trenarane. 

 


Elise de Fine Olsen i skotet. Foto: Kjetil Rydland.