Orionide-meteor fotografert i 2008. Foto: Brocken Inaglory / Wikipedia

Få med deg meteorsvermen i helga!

Komande helg er beste tidspunktet for å sjå meteorsvermen Orionidane i 2017. Meteorane fra denne svermen er nokon av dei raskaste og mest lyssterke av alle meteorsvermar! heiter det i ei pressemelding frå astroevents.no.

 

Astroevents.no er ein nettstad som blir driven av science fiction-forfatter og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard. Her skildrar dei spesielle fenomen på nattehimmelen som kan vera spanande å følgja med på for publikum.

 

Anne Mette Sannes & Knut Jørgen Røed Ødegaard. Foto: Privat 

Orionidane er ein årleg meteorsverm i samband med Halleys komet, ein kortperiodisk komet som er synleg fra Jorda ca. kvart 76. år. Når partiklar frå kometstøvet treffer jordatmosfæren, oppstår flere titals stjerneskot per time. Orionidesvermen opptrer på denne tida av året kvart år når banen til Jorda passerer støvbandet etter denne kometen. Namnet Orionidane kjem av punktet svermen strøymer ut frå – nemleg stjernebildet Orion, som no lyser vakkert opp på sørhimmelen nattestid. Svermen kan likevel sjåast over store område av himmelen. 

 


Halleys komet var sist synleg frå Jorda i 1986. Foto: ESA 

Meteorsvermen varer omtrent ei veke i slutten av oktober, og ca. kvart 12. år kan meteorane opptre i eit så stort tal som 50–80 per time på grunn av forstyrringar frå Jupiters tyngdekrefter. Årsaka til at meteorane frå denne svermen er nokon av dei raskaste og mest lyssterke av slike meteorsvermar, er at partiklane treffer jordatmosfæren nesten rett frammanfrå. Farten er 66,9 km/s – 240 800 km/t når dei kjem inn i atmosfæren.

 

Korleis observera svermen?

Still deg opp på ein stad med minst mogleg lysforureinsing og sjå mest moleg rett opp, du treng verken kikkert eller teleskop.

 
Det aller beste tidspunktet for å observera svermen er frå midnatt og fram til himmelen begynner å lysna natta mellom 21. og 22. oktober, og i år vil ikkje månelyset vera til hinder for å observera sidan den svært tynne nymånesigden vil ha gått ned lenge før meteorne er på sitt beste. Men det er også mogleg å sjå svermen i heile perioden frå 15. til 29. oktober så lenge månelyset ikke er til hinder.

 
Svermen kan enkelte år koma heilt opp i 80 meteorar i timen, medan det andre år opptrer rundt 20–30. I år er det estimert det å bli ca. 20-25, altså i den lågare delen av skalaen, men likevel verdt å få med seg! heiter det til slutt i pressemeldinga frå Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard.

 
Sjå også http://www.astroevents.no/orionidene2017.html

 


Meteor fotografert over VLT-teleskopa i Chile. Foto: ESO/S. Guisard