Julian Helland og Felix Joelsson heldt ein flott appell ved opninga av kveldaseta. Foto: Kjetil Rydland.

Kveldaseta med viktig bidrag til UNICEF

Ovbygdarane slutta godt opp om kveldaseta i kveld, og var såleis med og støtta årets TV-aksjon til UNICEF.

Gymsalen ved Øvrebygda skule var nesten fullsett då rektor Sigbjørn Aarland ønskte unge og gamle velkomne til årets kveldaseta. Skulen held fast på ein mangeårig tradisjon der ein samlar inn pengar til årets TV-aksjon. I år var det 39. gongen ovbygdarane samlast i storstova si for å støtta eit sikt viktig føremål.

 


Kveldens gjest var Ellinor A. Bergesen frå Fitjar Frivilligsentral. Foto: Kjetil Rydland.

Som vanleg var elevane særs aktive under denne store bygdedugnaden. Opninga av samkoma var det to gutar frå elevrådet som stod for. Julian Helland og Felix Joelsson heldt ein flott appell. Og alle elevane var med og song, under leiing av lærar Solveig Jæger.

Ved eit lite bord var det høve til å gissa kor mange søte hjarte som låg oppi eit glas. Ikkje noka lett oppgåve, men unge Gustav var berre eitt tal unna unna det eksakte talet, og fekk 66 hjarte med seg heim. 

 
Ute i gangen var det råd å få kjøpa ymse produkt som elevane hadde laga til inntekt for årets TV-aksjon. Og det var stor trengsel – folk var tydelegvis meir enn villige til kjøpa. 

 
I fleire hjørne i gymsalen var det oppretta kafear, der elevane selde kaffi, pølser og ymse bakverk som foreldra hadde laga. Det var også elevane som gjekk rundt og selde då åresalet starta, og dei minste var ivrige med å bera gevinstar til dei heldige vinnarane.

Dei frammøtte kjøpte årar villig vekk, og spenninga var stor under trekninga, som vanleg leia av mannen med den sterkaste røysta, Runar Øvrebø. Personalet ved skulen, foreldra og det lokale næringslivet hadde gitt gevinstar til den store dugnaden.

 
Rektor Sigbjørn Aarland seier at dei fekk inn netto kr 27 288 på årets kveldaseta. Det er litt meir enn i fjor, og eit flott reultat!                  

Dei som ikkje var med og støtta innsamlinga på Øvrebygda skule, får sjansen att når bøsseberarar bankar på døra komande søndag og ber om pengar til UNICEF.

Årets TV-aksjon skal gi skulegang og håp til barn der krigen rasar. UNICEF er den største hjelpeorganisasjonen for barn i verda, og har som hovudoppgåve å sørgja for at alle barn får sine rettar i varetekne. UNICEF arbeider både med langsiktig utvikling og nødhjelp. 

Du kan følgja med på aksjonen på facebook.com/unicefnorge.

 



Julian Helland sel årar til Salomon Aarbø, som etter kvart har mage slije kveldar bak seg på Øvrebygda skule. Foto: Kjetil Rydland.

 


Turid Sandvik har funne seg kake og kaffi. Ho har ikkje vore med alle 39 gongene det har vore kveldseta. Men det kan ikkje mangla mykje. T.v. Leah Aarbø. Foto: Kjetil Rydland.

 


Tilde Haldorsen Helland med eit spel som ho har laga sjølv. Foto: Kjetil Rydland.

 


Heia Viking! Her ser me at Harald R. Sæbø har sikra seg ei av dei flotte fruktkorgene. Kanskje Viking vinn igjen til helga? Foto: Kjetil Rydland.