På ein stein i Småliane sat denne steinskvetten i går. Foto: Kjetil Rydland.

Dagens fugl: Steinskvett

På tur oppover Småliane i går var det einaste turfølgjet ein 25 grams trekkfugl som heiter steinskvett.

Steinskvett er ein relativt vanleg fugl som finst over heile landet, og mest til fjells. Han har hatt ein kraftig tilbakegang, men naturfotograf Jan Rabben meiner å ha merka ein viss oppgang dei siste åra.

I går levde ein hannfugl av arten opp til namnet sitt då han skvatt frå stein til stein – og oppom ein og annan tretopp – oppover Småliane. Dette er lia sør for Færhovda og nord for Melsmyrane, oppover mot utløpet av Klovskarvatnet.

Det var ikkje lett å komma på skikkeleg nært hald, og det er litt synd, for det er ein skikkeleg fin fugl å sjå på om du er heldig og kjem nær nok. Dagens fugl er ein hann, noko som er lett å sjå på den mørke stripa over augo.

Steinskvett høyrer til flugesnapparfamilien og er ein langdistansetrekkfugl, kan me lesa på Wikipedia. Han overnattar i Afrika, sør for Sahara. https://no.wikipedia.org/wiki/Steinskvett

På heimesida til Norsk Ornitologisk Forening står det ein interessant artikkel som heiter Steinskvettens fantastiske trekk kartlegges.

Ein fin liten fugl på 20-30 gram. Hannfuglen har ei mørk stripe over auga. Foto: Kjetil Rydland.


Og fin utsikt hadde me, over elva mot Melen. Foto: Kjetil Rydland.