Friidrettsungdommane våre med premiar etter sesongavslutninga i går. 

Friidrettsavslutning

I går hadde rundt 50 friidrettsutøvarar si første innandørsavslutning i haust, og den eldste halvparten markerte avslutninga på utandørssesongen. 

 

Friidrettstrenar Bård Inge Bø fortel at det dei eldste fekk pizza, brus, kake og premiar for prestasjonar, treningsiver og personleg framgang.

Dei tre beste i hopp, løp og kast vart kåra og premierte. Her kjem resultata i sekund og meter, og i poeng etter Tyrvingtabellen.

Me gratulerer utøvarane med premiar for flotte prestasjonar.

 

Kast jenter:

1.Eline Fitjar Hjelle (14) kule 8,03 meter og 796 poeng
2.Anna Fitjar Hjelle (10) kule 4,40 m og 793 poeng
3.Mari Fitjar Hjelle (12) kule 6,55 m og 684 poeng 

 
Kast gutar:

1. Marius Pedersen (10) kule 5,10 meter og 694 poeng
2. Marius Kongestøl Vik (11) kule 6,45 m og 640 poeng
3. Johannes Sandvik Bø (11) kule 6,20 m og 610 poeng 

 
Løp jenter:

1. Anna Sandvik Bø (13) 200 meter hekk 34,43 og 898 poeng
2. Natalie Tislevoll (14) 60 meter 8,76 og 862 poeng
3. Clara Wohlrab (14) 100 meter 14,52 og 772 poeng 

 
Løp, gutar:

1. Marius Pedersen (10) 40 meter 6,65 og 982 poeng
2. Johannes Sandvik Bø (11) 60 m 9,36 og 848 poeng
3. Halvor Aga (12) 1500 meter 5.31,96 og 734 poeng 

 
Hopp, jenter:

1. Anna Sandvik Bø (13) tresteg 9,28 meter og 908 poeng
2. Clara Wohlrab (14) høgde 1,41 m og 872 poeng
3. Amalie Skumsnes(9) lengde 2,55m og 674 poeng 

 
Hopp, gutar:

1. Johannes Sandvik Bø (11) høgde 1,30 meter og 944 poeng
2. Marius Pedersen (10) lengde 3,79 meter og 928 poeng
3. Bjart Sandvik Bø (10) høgde 1,05 meter 860 poeng 

 
I tillegg fekk Eirik Torbjørnsen (12) premie for sin 600 meter under Stordleikane på 1.53,19, og Marius Torbjørnsen (14) for det høgaste høgdehoppet på 1,49 meter.