– Ikkje gløym å ta ta på deg refleks når du går ut i vintermørket, oppmodar Trygg Trafikk.  Foto: Morten Brakestad

Mange nesten-ulykker grunna manglande refleksbruk

Dette er ein årleg gjengangar, men me har vel grunn til å bli minna om å bruka refleks her i Fitjar og. Nedanfor kan du lesa ei pressemelding frå Trygg Trafikk i Hordaland.

«Nesten 4 av 10 bilførarar på Vestlandet har opplevd nesten-ulykker i mørket.  – Brukar du refleks er det mykje mindre risiko for å hamne i ei ulykke. Refleks reddar liv, seier distriktsleiar Knut Olav Nestås for Trygg Trafikk i Hordaland.

Ei ny undersøking gjennomført av Kantar TNS på vegner av Trygg Trafikk og SpareBank 1 har spurt kor mange av oss som har opplevd nesten-ulykker i trafikken. Tala er skremmande: 38 prosent av bilførarane på Sørlandet og Vestlandet seier dei har opplevd å nesten køyre på ein fotgjengar dei ikkje kunne sjå i mørket.  

– Går du utan refleks i mørket vil ein bilist i 50 km/t berre ha 2 sekund på å oppdage deg. Brukar du refleks har bilisten 10 sekund på seg. Det seier seg sjølv at det kan redde liv, seier Nestås. 

Små marginar
Undersøkinga har også spurt nordmenn om dei brukar refleks og kor ofte. 7 av 10 seier dei alltid eller ofte brukar refleks. Det er bare eitt problem: Det er ikkje sant. Fysiske teljingar utført av Trygg Trafikk viser at berre 4 av 10 faktisk brukar refleks. 

– Det er små marginar mellom ei nesten-ulykke og det som kan bli ei alvorlig ulykke. Refleks er ei billig livsforsikring som kan vere avgjerande. Bruk nokre minutt til å feste refleks på jakker og vesker så er du synleg i mørket, oppmodar Nestås.  

Syt for å bli sett
Fotgjengarane på si side har liknande opplevingar. På Sørlandet og Vestlandet har 40 prosent av dei gåande opplevd nesten å bli påkøyrd av bilistar eller syklistar når dei ferdast i mørket. – Me må saman syte for å ta omsyn til kvarandre i trafikken. Bilistar og syklistar må opptre varsamt i mørket, og fotgjengarar må nytte refleks slik at det blir enklare å sjå dei, avsluttar Knut Olav Nestås i Trygg Trafikk.