Arkivfoto: Leif Helge Engelsen

Rektor Leif Helge Engelsen. Foto: FP-arkiv/HCH

– Støttar elevane

I saka om elevskyss for elevane på Fitjar vgs seier Målfrid Vik Sønstabø i Skyss til stord24.no, at dette er noko Fitjar vgs er skuld i. – Det er ikkje rett. Me støttar elevane, seier rektor Leif Helge Engelsen.

– Nei, dette er ikkje vår skuld. Me har jo kjempa for dette ut ifrå opplæringslova som seier at alle elevar som bur meir enn seks km frå skulen skal ha gratis skuleskyss. At Skyss søkjer om dispensasjonar, og lagar nye soner, er ikkje noko me kan gjera noko med. Heller ikkje restriksjonane om at dei som har ungdomskort i Sagvåg, Litlabø og Rommetveit ikkje skal ha gratis skyss.

Ungdomskortet er heller ikkje gratis. Dermed vert ikkje opplæringslova oppfylt. Me vil følgja reglane til Skyss, og har så godt med har kunne sendt dei dei opplysningane dei skal ha. Men det er altså ikkje vår skuld at dei gjeldande elevane ikkje får gratis skuleskyss, understrekar rektor Leif Helge Engelsen.