Solfrid Sandvik serverte grønsakssuppe etter oppskrift frå Harald Osa til forbipasserande på Spar-butikken i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Serverte grønsakskuppe på Verdas matvaredag

Eldsjelene i Fitjar Fitjar Bygdekvinneleg serverte grønsaksuppe til forbipasserande i butikken til Larsen i dag.

 

Fitjar Bygdekvinnelag hadde førebudd seg godt til den landsomfattande markeringa av Verdas matvaredag i dag. Dei hadde samlast i går kveld og kokt grønsaksuppe, som dei serverte gratis til folk som kom forbi på butikken til Larsen. 

 


Brit Padøy gir vekk ein pose grønsaker, med raudbet, potet, løk, persillerot, grønkål og gulrot. Foto: Kjetil Rydland.

 

Dei hadde vore ein heil gjeng i Peraløo, fortel Brit Padøy, som er leiar i Fitjar bygdekvinnelag. Der kokte dei rundt 10 liter grønsaksuppe på fellesen, raud grønsakssuppe etter oppskrift frå Harald Osa. Oppskrifta kan du lesa på Fitjarposten i førehandsomtalen vår i førre veke.

I tillegg pakka dei posar med utvalde grønsaker, som dei delte ut til folk som kom forbi. Posane innehelddt gulrot, potet, grønkål, persillirot og raudbet. Grønsakene hadde dei naturelgvis kjøpt på Spar-butiken på Fitjar.

Med på prosjektet var Brit Padøy, Ingrid Træet, Lilli-Ann Drønen, Toril Lyngvær, Vigdis Aarre Olsen, Kjellfrid Bremskau, Solfrid Sandvik og Elin Korneliussen.

 
Den raude grønsakssuppa såg ut til å falla i smak både hos unge og gamle, og etter eit par timar begynte det å minka alvorleg i den store gryta. Då hadde publikum ete rundt 10 lite suppe, og bygdekvinnene hadde delt ut 40 posar med grønsaker. 

– Me hadde ikkje trudd at det skulle komma så mykje folk, seier Solfrid Sandvik. 

 

Dei hadde pakka 40 posar med grønsaker, men det såg ut til å bil litt for lite.  – Me skulle hatt 40 posar til, meiner Ingrid Træet, men no blir me her til me ikkje har meir suppe igen!

 

 


Daniel Larsen såg ut til å setja pris på ein smak av grønsakssuppe. Han skulle ha greie på det, for han går på Fitjar vgs. VK2 kokk og sevitør. Foto: Kjetil Rydland.


Etter eit par timar begynte det å bli tomt i den store gryta. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ordførar Wenche Tislevoll, i midten, mellom Lilli-Ann Drønen og Karin Korsvik, slår fast at suppa smaker godt. Foto: Elin Korneliussen.