Søstrene Synnøve Rydland og Inger C. Fitjar på høgaste Tindane. Foto: Kjetil Rydland. 

– Å, for ein strålande dag!

Me har hatt ei strålande helg, med ein snev av «Indian summer», og mange har late seg lokka ut i sola dei siste dagane.

Me nytta søndagen til ein tur til Kjeringjo, over Grønafjedlet og Tindane, og var slett ikkje åleine. Den nye parkeringsplassen på oppsida av vegen i Vistvikjo var heilt full, og det same var fleire av dei andre strategiske parkeringplassane i Fitjar.

Og her kjem Åshild Nilsen Matre og Henriette Matre Hagenes frå Tindaslottet. Foto: Kjetil Rydland.

Blant mange ivrige fjellfolk var søstrene Synnøve Rydland og Inger C. Fitjar. Dei gjekk frå Olstjødno forbi Kjeringjo og den nye stien over Grønafjedlet til Tindaslottet, ein tur på 10 km kvar veg.

Ved enden av Svartavatnet ligg Kjeringjo. Her møtest stiar frå Fitjar via Svartavatnet og toppen av Midtfjellet, frå Vistvikjo, frå Kidno og frå Mehammarsåto via Grønafjedlet. Torsdag i veka som var, gjorde ivrige dugnadsfolk ein fin jobb med å rydda opp i skiltjungelen, slik at det no skal vera unødvendig å ta feil.

Dagens tur gjekk vidare til Djøpatjøndo og over høgaste toppen av Grønafjedlet (623 moh.), over Tindane til Tindaslottet. Dette er det finaste og mest spesielle landskapet på Stordøyo, men her går det ingen sti. Det er heller ikkje nødvendig i dette området, som er det nærmaste me kjem høgfjell her hos oss. Og det er vel like greitt at heiloen og raudstilken får ha dette området i fred.

Me lar elles bileta tala for seg sjølve.

Dei gamle skilta ved Kjeringjo har ikkje vore så lette å bli klok på. Foto: Kjetil Rydland. 

Her er det nye oversiktskartet frå Kjeringjo og enden av Svartavatnet kome opp. Foto: Kjetil Rydland.

Utsikt mot høgaste toppen av Grønafjedlet, frå sørvest. Foto: Kjetil Rydland.

Frå Grønafjedlet mot Mehammarsåto. Foto: Kjetil Rydland.

Frå høgaste punktet på Grønafjedlet, 623 moh., utsikt mot Siggjo og havet. Foto: Kjetil Rydland.

Utsikt mot Mehammarsåto. Foto: Kjetil Rydland.

Utsikt mot Kvinnherad og Folgefonna. Foto: Kjetil Rydland. 

Utsikt frå Tindaslottet. Foto: Kjetil Rydland.