Gular-løparen Eli Anne Dvergsdal, i midten, har vunne «Først til mølla» to gonger. Foto: Fitjar Idrettslag. 

Midtfjelletdagen med motbakkeløp og folkefest

Vidar Aarskog i Fitjar Idrettslag minner om at Midtfjelletdagen nærmar seg, førstkomande laurdag er det fjerde gongen, etter premieren i 2014.

 

Vidar Aarskog ønskjer velkommen til Midtfjelletdagen laurdag 9. september. Midtfjellet Vindkraft er oppdragsgivar, og Fitjar idrettslag står for den praktiske gjennomføringa av arrangementet, som blei arrangert for første gong 30. august 2014. På programmet står motbakkeløpet «Først til mølla», turmarsj, og orienteringsløpet «Møllesprinten». Målet er å dra flest mogleg til fjells og bruka området i vindmølleparken.

 

Turklassen på 1,5 km startar frå Fitjar Idrettspark klokka 11.00, og går til mølle B12. Folk må møta opp i idrettsparken mellom klokka 10.30 og 10.55 for registrering. Alle er velkomne til å delta på turen, det er ingen tider, berre å spasera roleg eller i det tempoet du ønskjer. Alle som vil gå opp, får deltakarmedalje.

 

Motbakkeløpet «Først til mølla» er den store styrkeprøven, med premie på 10 000 kroner til vinnaren; 5000 kr til nummer 2 og 2500 kr til nummer 3. Det er lik premiering i dame- og herreklassen. Det er også eigen premieringsklasse for lokale løparar. Det blir fellesstart frå Fitjar Idrettspark klokka 13.00.

 

Oppmøte og registrering begynner klokka 12.00, du kan melda deg på via denne e-post fitjar.idrettslag@gmail.com eller denne linken: https://reg.eqtiming.no/?EventUID=37498. Påmelding til o-løpet Møllesprinten kan du gjera her: http://eventor.orientering.no/Events/Show/7556?.

 

Løparane vil gå i mål ved mølle B12 ca. kl. 13.20-13.45. Her blir det etablert kiosk og stand. Det blir premieutdeling for motbakkeløpet og orienteringsløpet «Møllesprinten», før retur med buss kl. 14.00. Det blir ymse aktivitetar for store og små, med musikk og gratis pølser, is, kaker, vaflar, saft og kaffi. 

 

Gular-løparen Eli Anne Dvergsdal har vunne to av tre startar, men var skadd i fjor. Då nytta Anita Håkenstad Evertsen høvet til å gå heilt til topps. I herreklassen er Torstein Tengsareid løyperekordhaldar på den fantastiske tida 19.12 på 4,4 km motbakke. Han står med to sigrar på to forsøk; i fjor var det hinderspesialisten Tom Erling Kårbø frå Stord IL som kunne innkassera 10 000 kroner i førstepremie. Både Eli Anne Dvergsdal og Torstein Tengsareid stiller på startstreken i år, saman med eit heilt beite sterke løparar.  


Nina Aarbø Olsen, ein av dei sterkaste lokale løparane våre. Foto: Fitjar Idrettslag. 

Personar med nedsett funksjonsevne får køyreløyve opp med eigen bil. Møt opp ved Fitjar kultur- og idrettsbygg kl. 11.00, eller kontakt Vidar Aarskog, telefon 458 32 048 eller mail fitjar.idrettslag@gmail.com for løyve.

Meir informasjon om Midtfjelletdagen finn du på Facebook eller på heimesida til Fitjar Idrettslag