Ny pris til ELØ. Foto: FP-arkiv/HCH

Best i Bergen

Ølet ”Lys Ale – Kis” frå En Liten Øl på Fitjar vart kåra til ”beste festivaløl” av 16.000 besøkjande på Bergen Ølfestival.

Bergen Ølfestival vart arrangert på Festningen i Bergen 1. og 2. september, med over 40 ulike bryggeri som utstillarar og rekordbesøk.

Lys Ale er utvikla av bryggerimeister Øystein Huus, og fekk tidlegare i år prisen for ”best norwegian produced beer” ved Bergen whisky- og ølfestival.

AS Håndbryggeriet En Liten Øl er som me veit eit småskala-bryggeri på Kråko i Fitjar, og vert eigd av 70 aksjonærar.