Bil utfor vegen på Hellandsvegen

Politiet fekk rundt kl 17.00 i ettermiddag melding om at ein bil hadde køyrt av vegen på FV 75.  Det var to eldre damer i bilen.

Bilen skal ha rulla rundt etter at han for utfor vegen. Naudetatane rykte ut, men begge damene framstod som uskadde.

– Dei vart  likevel sjekka av ambulansepersonalet og køyrt til legevakta for vidare sjekk, opplyser operasjonsleiar Tore Frøyland-Jensen til fitjarposten.no.

Bergingsbil er kontakta for å hente bilen.