I år kan du røyste heime

–Veljarar som av ulike årsaker ikkje har høve til å røysta ved førehandsrøysting eller på valdagen, kan søkja om å få røysta heime. Søknadsfrist for dette er i morgon, tysdag 5. september.

Det er altså enno ikkje for seint til å søkja om dette. Ring kundetorget 53 45 85 00 om du vil at folk frå kommunen skal koma heim til deg, slik at du får stemme heime.

– Og ein treng ikkje vera rørslehemma for å søkja om å få stemme i heimen. Det kan vera mange grunnar til at folk ønskjer dette,  understrekar Bente Fitjar i Fitjar kommune.