Bil utfor vegen ved Rydland

Ein bil køyrde utfor vegen ved Rydland rundt kl. 22.15 i kveld. Naudetatane vart sendt til plassen. Men føraren kom lukkelegvis vel ifrå det.

Operasjonsleiar i Sør Vest politidistrikt Jan Magne Østebøvik opplyser til fitjarposten.no at bilføraren svingte unna og ut av vegen for å unngå å kollidere med ein hjort – og køyrde rett i eit tre.

Lukkelegvis kom han uskadd frå hendinga.