Åtte nytilsette ved Fitjarskulane

Rimbareid skule. Foto: Håkon C. Hartvedt

Flest på Rimbareid, men òg i Sælevik og i Øvrebygda har dei fått nytilsette lærarar når skuleåret 2016/2017 startar 18. august. Åtte personar og sju stillingar. Og Rimbareid skule vert med i eit forskingsprosjekt.

– Dei fleste av dei nytilsette har vore innom skulen her før, så svært mange nye andlet er det ikkje, men me er svært nøgd med dei me har fått på plass. Dei er svært godt kvalifiserte, og me har fått den fagkompetansen me ønskte «over heile fjøla», seier ein svært nøgd skulesjef John Karsten Raunholm til fitjarposten.no.

Stor søknad
– I alt var det 61 søkjarar  til sju stillingar, så det var mest eit luksusproblem å kunne velje mellom så mange gode søkjarar, seier skulesjefen til slutt medan han nemner at i ei av stillingane er det tilsett ein teiknspråkslærar.

Rimbareid skule med på forskningsprosjekt
Rimbareid skule har vidare fått tilbod om og takka ja til å vere med på forskingsprosjektet «Two teachers». 

Prosjektet inneber at den eine 1. klassen vert styrkt med åtte lærartimar veka i fire år framover, og så skal ein evaluera kva for effekt dette har hatt.

I samband med dette får ein òg tilbod om ekstra rettleiing frå læringssenteret i Stavanger, noko som òg vil koma dei andre klassane til gode.

– Sidan dette er eit forskingsprosjekt, er det berre den eine 1. klassen som får desse timane, elles vil ein ikkje få noko samanlikningsgrunnlag. Men når me får eit slikt tilbod servert på sølvfat, må me jo berre takka ja, kommenterer skulesjef John Karsten Raunholm til fitjarposten.no.