Rett ved fossen som kastar seg ut i Kvednahølen, står restane etter Sæterbøkvedno. Foto: Kjetil Rydland.

Kvednahølen – ein bortgøymd idyll

Ved den idylliske Kvednahølen står framleis restane etter Sæterbøkvedno, som var i drift fram til rundt 1930.

Midt mellom Kvednavatnet og Eggjafossen, ved fossen som kastar seg ut i Kvednahølen, står framleis murane etter Sæterbøkvedno.

Fitjar bygdesoga (Aaland 1933) siterer Matrikkelverket frå 1667, som seier om Sæterbø: «hev «temmelig» aaker og féhamne, vid men tunn eng, part i ein skogteig til garden si naudturft, «temmelig» sætremark, hev kvernestød i Aarbøelvi».

Denne elva fekk på slutten av 1800-talet namnet Rydlandselva, som me kan sjå på kartet. Men namnet har ikkje fått heilt gjennomslag i talemålet på Årbø og Rydland, der elva oftast blir omtalt som Årbøelvo.


Holmen midt i den idylliske Kvednahølen var ein våt draum i over 50 år, før eg tok mot til meg og sumde ut. Foto: Kjetil Rydland. 

«I 1721 hadde Sæterbø korkje husmannsplass, skog eller kvern», står det i Fitjar bygdebok (Steinsbø 1986). Jorda var misleg til kornavl og svært tungvunnen. Men i meir «moderne» tid veit me at Sæterbøkvedno var i drift.

Kristen Aarbø (f. 1931) fortel at kverna ikkje var i drift lenger då han voks opp på 1930-talet. Men dei eldre søskena hans – Gunnhild fødd 1917 var eldst – har fortalt han at kverna var i bruk då dei var ungar. Me vågar derfor å påstå at Sæterbøkvedno var i drift fram til rundt 1930.


Sæterbøkvedno sett frå holmen midt i Kvednahølen. Foto: Kjetil Rydland.

Fram til midten av 1960-talet var det ei bru over elva rett nedanfor Kvednahølen. Den blei brukt til å jaga smalen over når dei skulle til fjells. Til slutt var ikkje brua tilrådeleg å bruka lenger, og det vart planlagt å laga ei ny bru.

Ei ramme frå eit bilvrak vart skaffa til vegar, og planen var at Paul Tislevoll skulle køyra den opp til Kvednahølen. Paul var tiltenkt jobben fordi han var mykje flinkare å køyra med hest enn dei fleste andre.

Men etter kvart minka det på smalaflokkane i Ovbygdo, og dei som var att, blei jaga over elva litt lenger nede, eller over Årbø. No er den gamle rekkjevegen over Eggjane og opp til Melsmyrane i ferd med å gro igjen. Men Kvednahølen ligg der like idyllisk som før.


I går sat denne skarven på holmen i Kvednahølen, til han såg oss, og fauk eit lite stykke innover fjellet. Foto: Kjetil Rydland.

Like ved dei delvis nedfalne murane ligg begge kvernsteinane. Foto: Kjetil Rydland.