Kunstnar av internasjonalt format

I Dahlebua kan du laurdag møte kunstnaren Sanita Balode frå Tysnes, ein prisløna kunstnar av internasjonalt format.

Opprinneleg kjem ho frå Latvia, men ho har budd på Tysnes dei siste seks åra. Ho har masterutdanning frå Latvias kunstakademi, har hatt utstillingar over heile Europa, og mellom desse 15 separatutstillingar og har fått både attraktive prisar og kunstnarstipend.

Sanita jobbar hovudsakleg med oljemåleri og teikning – og har jobba mykje med utsmykking i både private og offentlege rom. Kunsten sin karakteriserer ho som figurativ abstraksjonisme med symbol.

Oljemåleri. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Men eg har alltid jobba ved sida av kunsten. Så etter at eg kom til Norge har eg teke pedagogisk utdanning ved HSH, seier ho og fortel at ho no jobbar som barnehagepedagog på Tysnes.

Sanita vil du berre kunne møte i Dahlebua i morgon, laurdag, mellom kl 12.00 og 19.00. Prisane på kunstverka hennar varierer frå kr 1200 til kr 9500.

Teikning. Foto: Håkon C. Hartvedt

– –

Også ein annan utstilling vart opna i dag. Den kjem me tilbake til i morgon.