Ordførar Wenche Tislevoll overrekte blomar til Hrafn Thorsteinsson og Inger Elin Helland som begge står svært sentralt i festivalen. Foto: Håkon C. Hartvedt

– No blømer det i Fitjar

– 2. helga i august blømer det i Fijar, sa ordførar Wenche Tislevoll då ho opna Fitjarfestivalen 2017 på Sjøsio i ettermiddag.

Ho peikte vidare på at dette er noko som skapar både «identitet og stolthet», og synte til det mangfaldige og rike programmet, og uttrykte spesielt at ho var kjempeimponert over ungdomen som i år skipar til ein eigen festival for born og ungdom over ti år denne gongen.

Vidare nemnde ho maten. – Den raude tråden er at det under festivalen vert servert mat frå Fitjar som er produsert her, og til dels andre plassar i Sunnhordland. Ølet er og eigenprodusert, og ELØ på Kråko stiller og med ein alkoholfri variant, sa ho før ho henta fram festivalleiar Hrafn Thorsteinsson og multiarbeidande Inger Elin Helland som fekk overrekt blomar, og stod for den offisielle opninga av festivalen.

Brit Padøy og Jorunn Sørfonn – klar for å servera gratis kaffi og kake til alle. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ein av dei som koste seg med kake var vår nyheitsleiar Kjetil Rydland. – Joda, du kan trygt ete kake, Kjetil!

Då var det duka for gratis kaffi og kake. Då hadde allereie teltet vore fullsett ei stund.

 

Teltet vart forlengst fullt då festivalen vart opna litt over kl 16 i ettermiddag. Foto: Håkon C. Hartvedt