Franske turistar som trivst i nærkontakt med naturen i Stokken. Foto: Kjetil Rydland. 

Glade franske turistar i Stokken

Den franske familien me møtte i Stokken torsdag kveld, har mykje godt å seia om Noreg etter vel ei veke i Fitjar.

 

De fem franskmennene me møter, er Anne Doutre (37) og Florent Desnoyer (49) med dei tre gutane Jules (4), Arthur (9) og Mathias (10). Dei utvekslar bustad med familien til Mariann Stokken og Hans Jarle Lønning, som nett no er på ferie i Frankrike, i huset til dei glade franske turistane våre. Etter det me forstår, ligg huset deira i Frankrike også på landsbygda. Det ligg i ein landsby 30 kilometer nordanfor Montpellier i Sør-Frankrike.

 

Forfriskande klima

Av dei fem er det familiefaren Florent som er den språkmektige; i tillegg til fransk snakkar han både engelsk, spansk og bambara. Det vestafrikanske språket har han lært etter å ha arbeidd i mange år i Mali. Dei andre i familien kan ikkje så mykje anna enn fransk, men dei er opne og hyggelege å snakka med. Det er tydeleg at heile familien har funne seg godt til rette i Stokken og i Noreg elles. 

 

– Kvifor utvekslar de bustad med nokon her oppe i nord? 

 

Florent fortel at det er minst 35 grader i Sør-Frankrike på dagtid og 20 om natta. Det er godt å koma vekk frå varmen og forfriska seg i litt kjøligare klima, seier dei. Dessutan er dei lyst å sjå ein annan måte å leva på. Dei har aldri vore i Skandinavia før, og kom med fly til Bergen 19. juli. Her låner dei bilen til Mariann og Hans Jarle, medan fitjarbuane i desse dagar køyrer rundt i varmen i Sør-Frankrike. 

 

Set pris på rolege omgivnader

Torsdag kveld hadde dei nett kome tilbake frå ein tur til Trollskogen i Skjepåsen på Stord. Dei var imponerte av den flotte samlinga med norske troll, men kunne tenkt seg litt informasjon på engelsk. Spesielt imponert var fireåringen Jules, sjølv om han var litt redd for at dei plutseleg skulle begynna å røra på seg …

 

Familien fortel at dei liker seg godt i rolege omgivnader og synest ikkje det er om å gjera å vera i ein storby med mykje folk. I Stokken har dei alt dei treng, seier dei. Dagane bruker dei til å gå turar i naturen, og til turar på sjøen og vatn i nærområdet. Dei har vore på sjøen og fiska, i båten til Mariann og Hans Jarle Lønning. Dei har òg fått låna kanoar i eit av vatna i nærleiken. 

 

Florent fortel at dei er overraska over kor mykje folk i Noreg tar omsyn til kvarandre; dei er ikkje så stressa som i Frankrike. Dette merkar dei spesielt godt i trafikken; folk følgjer stort sett trafikkreglane, køyrer roleg og står ikkje på fløyta når nokon kjem i vegen. 

 

Friluftsfolk

Det er skikkelege friluftsfolk me har med å gjera. For eit par dagar sidan gjekk dei frå Heio til Mehammarsåto! Rett nok måtte fireåringen berast på skuldrene eit stykke. For nokre dagar sidan køyrde dei til Odda og gjekk opp til Buerbreen, ein arm av Folgefonna. Opp til breen frå parkeringsplassen var det ein marsj på om lag ein time, fortel Florent. Men då oppdaga dei at nordmenn går dobbelt så fort som dei! Den norske måten å gå tur på kallar han «marche nordique». 

 

Anne og Florent fortel at dei har sett seg om langs Hardangerfjorden og Vøringsfossen i Eidfjord. Elles har dei nytta høvet til å sjå seg om i Bergen, og Anne nemner Bryggen spesielt. Torsdag kveld sit dei og planlegg tur til Preikestolen ved Lysefjorden i Ryfylke.

 

Elles er dei godt fornøgde med vêret, dei er tydelegvis godt informerte om den grå norske sommaren. Det har vore «mot normalt» godt vêr dei dagane dei har vore i Stokken. Dei set spesielt pris på at alt er så roleg og avslappa. Dei er overraska over at uteområdet på skulen er ope, slik at ungane kan leika der. I Frankrike er skulane heilt avstengde i ferien. Og så set dei stor pris på å kunna plukka blåbær i skogen!

 

Førstkomande tysdag reiser dei med fly tilbake til Frankrike, med gode gode minne om norsk natur og om den norske veremåten.