Gull i ungdoms-OL

Pål Haugen Lillefosse, med genar frå Fitjar, gjekk heilt til topps i stav under ungdoms-OL i Ungarn i går.

Meisterskapen som offisielt heiter European Youth Olympic Festival (EYOF), fann stad i Gyør i Ungarn.

Pål konkurrerte i klassen for gutar født i 2001, og var den einaste i sin klasse som nådde 5,00 m. Dette er Norge sin første stavmedalje i EYOF nokosinne.

For dei som ikkje er kjent med kva for fitjartilknyting Pål har, nemner me at Gerd Lillefosse er bestemor hans, og Arne Lillefosse er far hans.

Fitjarposten gratulerer.

Les meir på friidrett.no.