Høgtrykkspylemaskinen som vart brukt. Tre pumpar sørgjer for trykket. Foto: Håkon C. Hartvedt

Idrettsparken får nytt tartandekke

Løpebanen i Fitjar Idrettspark er no høgtrykksvaska fire gonger, og det er klart for å legge på nytt tartandekke. Det er formann i Fitjar Idrettslag, Gisle Levåg, svært glad for. Samtidig vonar han at folk respekterer at banen no er stengt, og ikkje tråkkar inn på det nyvaska banedekket før arbeidet er unnagjort.

– Dette arbeidet var eigentleg sett opp til å gjerast i 2018. Men no har fitjarpolitikarane fått framskynda dette, slik at arbeidet vert utført i desse dagar, smiler Gisle, og legg til: –Godt er det. Skulle det gått endå eit år utan at me gjorde nok, ville dekket blitt endå meir skadd, og heile prosessen ville blitt dyrare. 

Han fortel vidare at etter at nytt dekke er lagt, noko som ein truleg vil starta med neste veke om vêret tillet det, skal alt merkast opp att – og så vil friidrettsgruppa ha ein flunkande ny bane å boltra seg på.

– Og om noko ønskjer å arrangera større friidretsstemne her, står det i alle fall ikkje på banetilhøva, seier Idrettslagsformannen.

Gisle Levåg vonar folk vil repektera at banen no er stengt, slik at det nyvaska dekket ikkje vert skitna til att. Foto: Håkon C. Hartvedt

Grundig vask
Det er firmaet Miljørens Norway AS  ved Alf og Mats Blomvågnes som har stått for høgtrykksvaskinga av banen. Dei er temmeleg einerådande på dette feltet i Norge, og Fitjar Idrettspark er den 37. banen dei vanskar i år. I førre veke var det Stavanger Stadion som vart reinsa, i neste veke står ein bane på Sortland i Vesterålen for tur.

Dei fortel at på Fitjar har dei gjennomført dobbelt vask. Ein vask består av to rundar med høgtrykkspyling. I Fitjar har dei altså køyrt fire. Heilt naudsynt for eit banedekke som etter kvart er blitt 23 år gamalt. På ein runde går det med rundt 3000 liter vatn, så nokre liter har det gått med. Og som biletet nedanfor syner, er det ikkje akkurat reint vatn som vert tømt ut etter spylinga.

Brunt skitvatn vert spylt ut etter vaskinga. Foto: Håkon C. Hartvedt

Alf og Mats Blomvågnes. Foto: Håkon C. Hartvedt

12-15 grader
Alf Blomvågnes fortel elles at for å kunne legge nytt dekke må banen vera tørr, og at temperaturen bør vera minst 12-15 grader. Så akkurat kor lang tid det tek før det heile er ferdig er ikkje godt å seie så usikkert som vêret har vore i det siste.

Vaska og uvaska. Ikkje vanskeleg å sjå forskjell. Foto: Håkon C. Hartvedt