Tyske turistar i ein flott folkevognbuss fekk god hjelp på Rydland slik at Noregs-ferien kunne halda fram. Foto: Oliver A. Matre.

Berga ferien for tyske turistar i VW-buss 

I byrjinga av veka fekk eit yngre par frå Tyskland hjelp til å koma vidare med VW-bussen sin då dei tok kontakt med Ole Vidar Helland og Fitjar Racing Team på Rydland.

Gode råd er ikkje alltid dyre når nauda er størst. Det fekk det unge paret frå Sør-Tyskland erfara då dei fekk eit lite motorhavari i Sveio for nokre dagar sidan. På Rydland fann dei reservedelar til den 45 år gamle VW-bussen sin og kunne halda fram ferien sin i Noreg, utan store utlegg.


Tyskarane fekk berga ferien etter god hjelp på Rydland. Foto: Oliver A. Matre. 

Dei køyrer ein veteranbil frå 1972, ein VW-buss av den typen som var svært så vanleg her i Fitjar for 40-50 år sidan. Då dei nærma seg Bømlafjordtunnellen frå sør, fekk dei problem med motoren og måtte stoppa.

Redningsbil frå Viking blei rekvirert, og både folkevognbussen og turistane blei frakta til Sponavik Camping på Stord. Habile mekanikarar som dei var, fann dei fort ut kva som var gale, nokre smådelar på vippetøyet hadde roke.

På campingplassen fekk dei hjelp til å kontakta verkstad. Men dei største verkstadane på Stord hadde ikkje dei vitale delane på lager. På ein av verkstadane kom dei likevel opp med denne lyse ideen: – Ta kontakt med Fitjar Racing Team!


Vippetøyet til ein VW boksermotor, smådelane til høgre er heile, men var knekte på motoren til tyskarane. Foto: Kjetil Rydland.

Dermed bar det til Rydland og klubblokalet til Fitjar Racing Team. Her har Ole Vidar Helland all slags VW-delar ståande i kassar både i verkstaden og i den gamle mottinga. Sjølv er han ikkje heilt sikker på kor alt er lenger. Men Oliver A. Matre er etter kvart blitt ein folkevognspesialist, og han brukte ikkje lang tid på å finna delane som tyskarane hadde bruk for.

Eit klips, to skiver og ei fjørskive som held det litt i press, hadde losna og blitt knuste medan motoren gjekk. Tyskaren gjorde jobben med å skifta delane sjølv, og fekk bilen i orden. Tysdag kom han tilbake til Rydland for å låna ein momentnøkkel til å etterteita vippetøyet.

Då hadde han følgje av eit par svenske turistar i ein liknande VW-buss. Så då blei det reine veteranbiltreffet på Rydland. Som kjent har Ole Vidar Helland restaurert den gamle drosjen til Nils N. Rydland frå 1973, ein VW de luxe.

Oliver A. Matre fortel at han synest det var kjekt å kunna hjelpa. Tyskarane kunne halda fram ferien sin i Noreg, i staden for å bli sitjande fast og venta på nye delar frå heimlandet. Med seg på vegen fekk dei ei Facebook-side for VW-entusiastar og fleire nettstader som Oliver veit kan vera nyttige om dei skulle koma ut for fleire uhell.

Tysdag gjekk turen vidare til Bergen og over fjellet mot Austlandet. Og vonleg rekk dei VW-treffet i Hamburg i neste veke.


Også denne flotte VW-bussen frå Sverige viste seg fram på Rydland. Foto: Oliver A. Matre.