Trygve S. Vedum og Nils Bjørke med ein tallerken med Fitjarmat + litt til. Det smakte nydeleg, sa dei. Foto: Gro Rydland.

Fitjarmaten fall i smak

– Nydeleg, sa Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum då han vitja Stord og fekk smaka fitjarmat i går ettermiddag.

– Lokalmat frå heile Sunnhordland var i fokus då Senterpartiet sin leiar, Trygve Slagsvold Vedum, vitja Stord med ein stor buss med «Vi trur på heile Noreg» på, onsdag ettermiddag. Fleire slag pølse frå Fitjar Gardsmat og kokte poteter frå Fitjargarden stod på menyen i lag med ost, spekemat, salat og saft frå andre kommunar. Kokken var særleg begeistra for den reine maten frå Fitjar, utan allergiframkallande stoff. Veldig mange var møtt fram for å høyra på og eta i lag med dei tilreisande, fortel Gro Rydland til fitjarposten.no, og fotset:

– Aasmund Nordstoga underheldt med varierte songar, og både partileiaren og dei to øvste på stortingslista, Kjersti Toppe og Nils Bjørke, heldt appellar.

SP-kandidatar:  F.v. Sara Sekkingstad, Nils Bjørke, Kjersti Toppe og Hans Inge Myrvold. Foto: Gro Rydland

 

 

Vedum
Trygve S. Vedum snakka med utgangspunkt i slagordet: «Å ha tru på heile Noreg»:

– Det er viktig å få utnytte ressursane og lytte til innspel frå folk frå ulike kantar av landet. Sentraliseringsiveren har nådd for langt, viktige institusjonar som lokalsjukehuset og tingretten er døme på tenestestader som kan forsvinne. ikkje alle tilbod vert automatisk betre om dei blir gigantstore, sa han.

Vidare framheva han Kjersti Toppe som ein av dei aller mest ivrige og aktive stortingspolitikarane, og Nils Bjørke som ein svært dyktig andrekandidat.

Toppe
Kjersti Toppe sjølv starta med eit sitat om fitjarpoteter, og g at folket i Fitjar viste at dei ville halde på kommunen sin.
Senterpartiet er ikkje mot at kommunar slår seg samen. Det er tvang ein er imot.

Nils Bjørke er kjend for å politisk arbeid med samferdsel og næringspolitikk, og han kjem truleg til Fitjar seinare før valet.  

– – –

Før samlinga på torget var listekandidatane og partileiaren på bedriftsbesøk på Kværner Stord i lag med varaordføraren på Stord, Jakob Bjelland.

 

 Hans Inge Myrvold, varaordførar i Kvinnherad (t.h.)serverer Arve Rydland og Nils K Rydland. Foto: Gro Rydland